Kunstsosiolog dr. philos.

Balestrand kunstlag

| Til Kunstforeninger |

Stiftet i 1989, 27. april, etter oppfordring fra kulturkontoret. Det kan få bruke «Futegarden» som utstillingslokale. Vil starte med utstilling av lokale kunstnere. Bladet «Vi ser på kunst» inngår i medlemskontingenten på 100 kroner. Medlemmene får 10 % rabatt ved kjøp av kunst. (Sogningen. Sognes Avis 16.5.1989)

VEDTEKTER FOR BALESTRAND KUNSTLAG Revidert på årsmøtet 21. mars 2017

1. Balestrand Kunstlag har som oppgåve: – å fremja interessa for kunst og kunsthandverk for folk i bygda – å skapa kontakt mellom utøvarane – å skipa til utstillingar

 2. Laget bør arbeida for nyskaping av kunst i bygdesamfunnet. Laget kan samarbeide med andre organisasjonar i bygda. Medlemskapet er ope for alle.

3. Laget skal verve flest mogeleg medlemer så ein får økonomi til innkjøp av kunst og dekking av utgifter. Medlemskap gjev fritt tilgjenge til laget sine utstillingar. Ved sal av arbeid frå utstillinga får laget provisjon. Medlemer får 10% rabatt på sine kjøp. Laget forsikrar kunstverka under utstilling.

4. Dersom styret finn at økonomien tillet det, kjøper laget inn kunst frå utstillaren til utlodding mellom medlemane.

 5. Styret skal ha 5 medlemer og 3 varafolk. Årsmøtet vel leiar for eitt år. Vidare vel årsmøtet 2 styremedlemer for 2 år, slik at 2 styremedlemer er på val kvart år. Dersom eit styremedlem som ikkje er på val, vert vald til leiar, vel årsmøtet nytt styremedlem for eitt år. Årsmøtet vel sekretær, nestleiar og kasserar Årsmøtet vel også 2 revisorar og ei valnemnd på 3 medlemer. Varafolk skal veljast kvart år, 3 stk.

 6. Årsmøtet vert halde innan mars månad. Då legg styret fram årsmelding og rekneskap pr. 31.12. Samstundes vert det halde val i samsvar med pkt.5 ovanfor. Årsmøtet fastset kontingenten. Årsmøtet skal kunngjerast 14 dagar føreåt.

7. Endringar i vedtektene må vedtakast på årsmøtet med 2/3 fleirtal. Framlegg til endring må vere kome inn til styret seinast tre veker før årsmøtet.

8. Skal laget oppløysast, skal eiga overlatast til Kunstbygda Balestrand A/S. Dersom Kunstbygda Balestrand er oppløyst skal eiga gå til Balestrand Kommune med oppmoding om å nytte den mest mogeleg i samsvar med laget sine idear. Oppløysing av laget kan berre vedtakast av årsmøtet eller ekstraordinært årsmøte og må ha 2/3 fleirtal

9. Ekstraordinært årsmøte skal haldast når styret eller 2/3 av medlemene krev det.

BALESTRAND   KUNSTLaG

ÅRSMELDING FOR 2018

Årsmøtet 2018 vart halde i Holmatunet den 06.mars.

Desse har fungert i årsmøteperioden:

Marianne Hoff  leiar, Anne Randi Farnes Myrhol nestleiar, Merete Sande  kasserar, 

Svein Asheim  sekretær og Kristi Nygard Miconi styremedlem

Varamedlemer: Annbjørg Alrek, Britt Kvam, Liv Anne Breidablikk

Revisorar: Marta Kvikne og Jarle Geithus.  Valnemnd: Kari Bolstad og Liv Ese

  AKTUELLE TAL FOR 2018 BALESTRAND KUNSTLAG hadde 52 medlemer (same tal som i 2017; 43  i 2016). Besøk:  1587 inkl. 161 frå skule og 6 barnehage (2017: 1410, inkl. 50 skule og 17 barnehage) Det er selt kunst for kr 148.290,- (110.500 i 2017, 165.711,- i 2016) Dette gir kr. 43.809,– i provisjon (minus kr.2.535,- i medlemsrabatt).  (31.690 i provisjon – 4.255 i medlemsrabatt i 2017)

Aktivitetar

Galleri Holmen i 2. etg. i Holmatunet fungerer godt.

Det har vore ulike aktivitetar frå mars – desember.

Utstillingar og prosjekt:

  • Medlemsutstilling av amatørfoto 21.03- 22.april med 149 besøk
  • Jan Terje Rafdal Balejazzutstilling; 635 besøkande (65 på opninga og tilsaman 322 Balejazzhelga. 5 skuleklassar m totalt 65 besøk
  • Anita Tjemsland  28.juni – 14.august; 22 på opninga 355 besøkande
  • Ivar Svendsøy   16.08 – 30.09; 30 på opninga, 252 besøk inkl. 5 skule/barnehage

(66 besøk)

  • Gjensyn Aase Kvikne Bjordal frå torsdag18.10 – 02.12 ope laurdagar  pluss spesielle avtalar. 9 på opninga, totalt 76 besøk inkl. 20 skuleelevar
  • Kunstprosjekt i samarbeid med 8. klasse Sagatun skule med lærar Anne Britt Balevik.

Marta Kvikne føreleste om tante Aase som oppstart. Balestrand pensjonistlag deltok på presentasjonen av resultatet.

  • Julemesse i november/ desember. 

I tillegg har vi samarbeidd med Kunstbygda Balestrand AS, og styremedlemer har vore engasjerte i andre kunsthendingar:

  • Emma Normann-utstilling i Villa Heimdalstrand frå mai v/ Elisabeth og Merete
  • Kunstbygda Balestrand var vertskap for EuroArt si generalforsamling og kunstfestival 2018 frå 30.mai – 3.juni. Det resulterte i fleire kunstprosjekt.
  • Emma-prosjektet med elevar på Sagatun. Avduka på Balahaugen under Esefjorden rundt
  • 1819 1918 2018 utstilling i Lisahuset laga av elevar på Kunst, design og arkitekturlina på Sygna vidaregåande skule.
  • Marianne var prosjektleiar for utstillinga: GJENSYN med grafikk av Aase Kvikne Bjordal i Cafe Vindreken, Norsk Reiselivsmuseum. I regi av Kunstbygda og i godt samarbeid med Mary Ann Menes.
  •  
  • Dugnadsinnsats:  I 2018 har vi bokført vel 800 dugnadstimar! (850 i 2017, 662 i 2016)  

Av dette er m.a. 411 timar vakthald på utstillingane (378 i 2017, 412 i 2016),  40 t til Fylkesårsmøtet, 65 t knytt til årsmøtet/ styremøte, 49 timar til rekneskap og revisjon.

   (Grafikkskulen er ikkje rekna inn her.)

  • Grafikkskulen i Balestrand: 3 kurs med til saman 11deltakarar i juli/ august på Sagatun Skule. Prosjektleiar: Marta Kvikne. God kursleiing av Alain Chardon frå Barcelona også i 2018. Jfr. eigen rapport.

Representasjon

-Fylkesårsmøtet vart halde på Nordfjord hotell, Nordfjordeid.  Merete Sande og Geir Hjetland var utsendingar frå oss. Anne Randi deltok også. Marianne møtte som leiar av valnemnda. Svein Arne er leiar for Sogn og Fjordane Fylkeskunstlag og leia møtet. Gerd Ese er styremedlem.

-Norske Kunstforeninger sitt årsmøte på Gardermoen. Marianne var delegat på årsmøtet med fullmakter også frå fire andre kunstlag i fylket. Merete var observatør.

– Anne Randi møtte på årsmøtet til Balestrand Bygdahus SA 22. mars.

Pressoppslag

Kunstlaget har fått oppslag i Sogn Avis; m.a. i samband med amatørutstillinga, utstillinga med Ivar Svendsøy og stort oppslag kring samarbeidsprosjektet rundt utstillinga GJENSYN, med Sagatun skule og Balestrand pensjonistlag i november.

Økonomi  

Det er selt kunst for kr 148.290,- ( kr.110.500,- i 2017 og kr.165.711,- i 2016)

Dette gir kr 43.809,- i provisjon (minus 2.535,- i medlemsrabatt). 

Vi har fått 5000 i fraktstøtte til Anita Tjemsland, og 10.000 i prosjektstøtte til grafikk-kurset frå Norske Kunstforeninger  (Sjå eige rekneskap).

Rekneskapen er gjort opp med overskot på kr. 6.675,70

Balestrand Kommune løyvde i 2016 inntil 15.000 kroner til skilt / profilering og evt meir utstyr til galleriet. Dette blei det handla gallerivogge for i 2018.

Planar framover

Vi har søkt og fått kr. 10.000,- frå Bli kjent-fond i nye kommunen.

Tanken er å få til samling/drøfting kring plan for kunst- og kultur i Sogndal, Leikanger og Balestrand i vår. Kven har lyst å vere med på dette frå oss?

April: Planlegg utstilling i samarbeid med Sygna vgs: Kunst, design og arkitektur

Balejazzutstillar: Roar Kjærnstad

Juni/juli: Line Hvoslef

Juli/august: Marianne Boberg

Grafikk-kurs i juli/ august med  Marta Kvikne som prosjektleiar. Kursleiar Alain Chardon frå Barcelona med Marianne Boberg.

STOR TAKK til alle som har vore med på montering, pakking og frakt av utstillingane, musikarar og opnarar på utstillingane, til deltakarar på julemessa og ikkje minst til alle vakter på utstillingane våre!   Takk til Kunstbygda Balestrand A/S for kunstprosjektet 1819 1918 2018: for delprosjekt 1: Dama i det svarte huset – med Sagatun skule (sjå bilete) og Delprosjekt 2:: Ungdomsutstilling «1819-1918-2018 med Sygna vgs i Lisahuset. Godt jobba av prosjektleiar Elisabeth Tonheim Vi vonar resultatet vil bli tilgjengeleg for publikum også i 2019!

Balestrand 25.02.2019            

21.03- 22.april Medlemsutstilling av amatørfoto   Utstillarar: Anne Randi Farnes Myrhol, Erik Hoel, Marianne Hoff, Marta Kvikne, Inga Midttun, Per Henning Olsen og Lin Åm        Besøk på opninga: 16  Tal totalt: 149 besøk       Sal: 7 foto = kr  5.490,-
  04-.mai – 26.juni   Balejazzutstillinga: JAN TERJE RAFDAL Måleri, kolteikning, grafikk   Opning fredag 04.mai kl. 17.00 v/  Finn Tokvam musikar, humorist mm. Musikk: Kåre Kolve, saxofon   65 besøk på opninga og tilsaman 322 Balejazzhelga.   Totalt 635 besøk Inkl. 5 skuleklassar/grupper med totalt 65 besøk   Sal: 6 verk= kr. 87.400,-    
  28.juni – 14.august   ANITA TJEMSLAND    Grafikk   Opning torsdag 28.juni kl. 19.00 Opnar: Hilde Mauritzen Musikk: Asbjørn Ekse, trekkspel   22 besøk på opninga. Totalt 355 besøk   Sal: 6 verk = kr.16.900,- pluss kort  
16.08 – 30.09 IVAR SVENDSØY    Måleri Opning Torsdag 16.08 kl. 19.00 v/ Ordførar Harald Offerdal Musikk: Gudvin Haraldson: Saxofon   30 besøk på opninga Totalt 252 besøk;  inkl. fire grupper frå Sagatun skule (56 elevar med 4 lærarar) og ei barnehagegruppe frå Sagatun barnehage (4 born og 1 vaksen).    Sal: 2 bilete = kr. 8.500,- Oppslag i Sogn Avis  
  1.juni – 1.oktober   Gjensyn Aase Kvikne Bjordal Opning v/ Marianne Hoff og Signe Marie Bjordal under EuroArt i Café Vindreken med om lag 30 til stades.   18.oktober – 02.desember i Galleri Holmen Opning TORDAG 18.10 kl.19.00 v/ Marianne Hoff 9 besøk på opninga Skuleprosjekt. 18 elevar Stort oppslag i Sogn Avis. Var ope laurdagar og spesielle avtalar Totalt 76 besøk Sal: 15 verk pluss 11 små serigrafi. = kr. 30.000,-  
  29.November – 02.Desember Julemesse Deltakarar: Ingebjørg Wigdal, Jorunn Eldegard, Marit E. Lavik, Margunn Hjelmeland, Gjøa Ese, Marit Iren Mundal, Skald, Kari L. Bjåstad, Mirka, Solveig Haukaas, Olav Åm Risa, Odin Feidje Baug, Ingrid M. Hustavnes + grafikk av Aase Kvikne Bjordal (og utstilte teikningar av elevane i 8.klasse).   Totalt besøk: 124

GRAFIKKUTSTILLING HAUSTEN 2019 I BALESTRAND KUNSTLAG

MED KUNSTNAR MARIANNE BOBERG

Balestrand Kunstlag har siste året lagt vekt på å trekke fram kunstnarar med ulike uttrykk; med hovudvekt på grafikk. Det har vore ei spennande reise frå utstillinga GJENSYN med Aase Kvikne Bjordal, via LANDSKAP OG PERISKOP med Line S. Hvoslef, til STREKAR OG STING med Marianne Boberg.

Utstillinga til Marianne Boberg kom i stand i samarbeid med Grafikkskulen i Balestrand. Dei har nytta den kjente grafikaren Alain Chardon frå Barcelona til sine kurs. I år føreslo han Marianne Boberg som medlærar på kurset.

Balestrand Kunstlag hadde planlagt Boberg si utstilling for perioden 27.juli til ut august. Tanken var at utstillinga også skulle vere tilgjengeleg for kursdeltakarane på Grafikkskulen i august. Grunna få påmelde til kursa i august, vart dei slegne saman til eitt kurs i haustferien dvs. frå 10. – 13. oktober.

Då var det naturleg å forlenge utstillingsperioden til over haustferien. Dette vart gunstig også for publikum.

Vi har gode erfaringar med å «forlenge» sesongen vår etter vi kom i Galleri Holmen. Det er lettare å få grupper frå barnehagar og skular til å sjå utstillinga. I haust kunne Sagatun skule nytte utstillinga i kunstprosjekt for 10.klasse. Elevar og lærar vart særs inspirerte av Boberg sine teknikkar.

Tilsaman har det vore 254 besøkande på utstillinga inkl. 31 elevar og 2 lærarar.

Marianne Boberg kom med bileta i eigen bil /leigebil. Ho var både med på å lage utstillinga klar til opninga laurdag 27.juli og på pakkinga søndag den 12.10; før ho returnerte til Oslo med utstillinga.

Det blei ei spennande utstilling, som fekk merksemd frå publikum og presse. Sogn Avis hadde heilsides oppslag. Diverre vart det seld berre eitt verk.

MEDLEMSNYTT FOR BALESTRAND KUNSTLAG

                      MARS 2019

GODE MEDLEMER!

SNØEN SMELTAR OG VÅREN VERT MEIR SYNLEG FOR KVAR DAG.

EIT LITE TILBAKEBLIKK:

I JANUAR INVITERTE BALESTRAND KUNSTLAG TIL MEDLEMSMØTE IL HAGESTOVA TIL DRAGSVIK HOTEL. DET VART EIT TRIVELEG MØTE MED GOD MAT OG DRIKKE – OG IKKJE MINST DRØFTING AV VIKTIGE SAKER FOR LAGET.

SÅ MINNER VI TIL SLUTT OM INNBETALING AV MEDLEMSPENGAR

TIL KONTO 3805.30.19754    (kr.200 FOR MEDLEM/300 FOR FAMILIE)

KJEKT OM KVART MEDLEM VERVAR EIN VENN (ELLER TO😉)

MEDLEMSNYTT FOR BALESTRAND KUNSTLAG

                              JUNI 2019

Sommaren er her og vi har fine utstillingar framfor oss. Reknar med at de har fått med Balejazzutstillinga til Roar Kjærnstad. Om ikkje så er det no berre to kveldar att før vi set opp ny utstilling:

   FREDAG 21. Juni Kl. 18.00 opnar vi utstillinga «Landskap og periskop» med kunstnaren LINE S. HVOSLEF. Det blir sjølvsagt musikk, opningstale og drikke. Kunstnaren blir her til laurdag ettermiddag – og bør vel få med seg litt av utelivet i Kunstbygda under opphaldet..

 I juli kjem Marianne Boberg. Ho skal både ha utstilling og grafikkurs.

Opning Torsdag 25.07 (antakeleg) Kl 19.00.

GODT NYTT: Balestrand Kunstlag får 25.000 kroner frå Sture Husabø legatet!

Dette er viktig grunnfinansiering for å kunne drive med frivillig kulturarbeid. TAKK!

Så eit lite tilbakeblikk:

APRIL

Fargerik og musikalsk elevutstilling med elevar frå Kunst, arkitektur og designlina på Sygna vgs. Inspirerer til gjentaking neste år!

113 var innom og såg utstillinga, inkl. skulevising med 9 elevar og 1 lærar.

Frå elevutstillinga til Sygna vgs                 Balejazzutstillar Roar Kjærnstad                                                          kunst, design og arkitektur                      og Jon Tvilde som opna utstillinga

MAI:

Vellukka opning av Balejazzutstillinga med kunstnaren Roar Kjærnstad tilstades. tenesteleiar for kultur i Sogndal, Jon Tvilde opna utstillinga og HP Gundersen frå

gruppa The Last Hurrah!! spelte gitar.

Det var 70 på opninga og tilsaman 329 i Balejazzhelga. Til no har 477 sett utstillinga.

9.-12.mai AVTRYKK

Kunstfestival og årsmøte til Norske Kunstforeninger med Haugesund kunstforening som medarrangør og vertskap. Det var tur til Utsira som del av Kunstfestivalen. Eg har tatt mange bilete av gatekunst i landskap frå turen til Norges minste kommune; pluss frå ulike utstillingar i Haugesund. (Om det er interesse for det kan desse visast på sommarsamling / medlemsmøte.)

Underteikna var delegat frå Balestrand Kunstlag og kommenterte tre punkt på årsmøtet:

  1. Til høyringsrunden kring saka om fylkeskunstlaga jfr. sak 11
  2. Sakna kopling mellom årsmeldinga og Handlingsplanen.
  3. Flott at organisasjonen rapporterer om god kontakt med Kulturdepartementet. Kva blir vektlagt? For Kunstlaga er grunnfinansieringa viktig for å kunne drive eit godt arbeid lokalt – og dette er vanskeleg når støtte i hovudsak blir gitt til prosjekt og ikkje drift. Dette bør formidlast av styret i Norske kunstforeninger.

Det vart vedteke nye vedtekter for fylkeskunstlaga. Protokoll frå årsmøtet vert sendt dykk så snart den kjem.

VI GRATULERER HØYANGER KUNSTLAG v/ REIDUN Haugnes som vel fortent vart kåra til årets kunstlag!

Sommarsamling med korkonsert:

Konserten på Villa Heimdalsstrand vart ei triveleg stund med Lindås songlag. Det vart ikkje noko organisert samling etter konserten.

Elles: Sist veke deltok underteikna på møte i Leikanger om frivillig kulturarbeid. Det var stor og aktiv deltaking frå Balestrand. Grunnstøtte til lagsarbeid vart eit viktig tema. Sjå Sogn Avis for laurdag 15.juni. (Det var kjekt med mykje balestrandstoff i dette nummeret; noko som retta opp litt av den manglande dekkinga vi har fått dei siste månadene.) Pressa si rolle er viktig for lokalt og regionalt engasjement. Viktig å synleggjere det som skjer i heile regionen.

Minner til slutt om medlemsverving / medlemskontingenten kr. 200,- /300,- for husstand.

Kontonummer 3805.30.19754

Marianne     

PS: Legg ved glimt frå Utsira. Legg ut på FB frå Kunstfestivalen Avtrykk i Haugesund.

(Solbrilledamene på båtturen: Kollega frå Trøndelag, Sandra frå Solund kunstlag, Marianne frå Balestrand og Reidun frå Høyanger Kunstlag.

Utsira, Noregs minste kommune med mest gatekunst

MEDLEMSNYTT FOR BALESTRAND KUNSTLAG

                              SEPTEMBER 2019

D’ er haust. Det ruskar ute med regn og kalde vind.
Småfuglen flyg mot rute   og ville gjerne inn.                           
Men under omnen god der ligg på sekkepute
han gamle Mons i ro.

Ja vi får vel lyst å kroe oss framfor omnen nokon kvar i desse regnvåte dagar..

Eit lite tilbakeblikk på sommaren:

Juni/juli: «Landskap og periskop» med kunstnaren LINE S. HVOSLEF. Leiar i Fylkeskunstlaget i Sogn og Fjordane opna utstillinga. Mindre salg enn vi vona.

 Juli/august: «Strekar og sting» med Marianne Boberg. Kjekt at Sverre Landmark opna utstillinga. Framleis høve til å kjøpe frå utstillinga!

Grafikkurset som ho skulle undervise på er flytta til haustferien, så no står hennar utstilling heilt fram til kurset er avslutta. Ho tek med seg verka heim. Trur det framleis er ledige plassar på kurset! Kontakt Marta Kvikne snarast om det er aktuelt for deg!

Utstillinga GJENSYN er no teke ned frå veggen i Cafè Vindreken og levert eigarane.

Elles:Tilskotet frå Sture Husabø legatet vil gå til å betale husleige for Galleri Holmen.

(Medan vi drøymer om å få nytte Cooperhuset til utstillingar og Artist in Residence..)

Denne veke deltok underteikna på møte i Balestrand om markering /feiring av Sogndal kommune på nyåret. Dei fleste lag/organisasjonar fekk innkallinga same dag, men det kom opp mange sprudlande idear på møtet. Det er sett av 4.- 24.januar til feiring i alle deler av kommunen. Tanken er at ein skal bli kjent med kvarandre / gjere ting saman. Balestrand Kunstlag vart utfordra på å få til kunstutstilling med lokale kunstnarar. Ein god ide! Er det andre som har lyst å jobbe med dette? Vi tek gjerne i mot andre idear for fellesfeiringa.

* Vi har starta eit samarbeid med Sagatun skule, der 8.klasse skal få kunstoppleving / kurs i haust med kunstnaren Solveig Haukaas i fokus.

Beste helsing

Marianne     

Litt meir om to viktige arrangement:

Vevringutstillinga 2019 – 40 årsjubileum

Norges – best-kept-secret – Kunst og Kultur Fest!

Sjå meir informasjon på nettsida https://vevringutstillinga.no/

Det er ekstra mange utstillarar i høve jubileet.

Britt Smelvær, Geir, Magni og Vilde er tre av våre kjære kunstnarar der!

Engelen frå Kobane:

Balestrand, Balestrand Bygdehus             onsdag 16. oktober kl. 19:00

 Engasjerande og hyperaktuelt om kor sårbart det er å vere ei ung kvinne i den pågåande konflikten i Syria.

I 2014 dukka det opp bilde av ei ung, militærkledd, kurdisk jente i sosiale medium.

Ho heitte Rehana og var jusstudent. Bildeteksten fortalde at jenta skulle ha drepe

over 100 IS-soldatar i dei harde kampane som den kurdiske motstandsbevegelsen

(YPG) utkjempa i grensebyen Kobane. Bilde av Rehana vart delte fleire tusen

gonger, og ho fekk tilnamnet «Angel of Kobane».

Historia om Rehana er ei fiksjonsforteljing, basert på ein myte. Men alt har skjedd

– og skjer framleis i verda i dag. Rehana vert stilt overfor umenneskelege val i

krigen som har skapt vår tids største humanitære tragedie, der halve befolkninga

er driven på flukt.

«Engelen frå Kobane» er skrive av den britiske dramatikaren Henry Naylor og er

siste del av hans trilogi om konfliktane i Midt-Austen. Stykket har vunne fleire

prisar og fått strålande kritikkar.


Det er berre 70 ledige plassar til denne framsyninga så her gjeld det å vere raskt ute.

Som medlem i teaterlauget oppnår de særs gode prisar, eksempel: kr. 200,- pr. person inkl. billettavgift ved samla bestilling av 5. eller fleire billettar.
Ordinær pris er kr. 320,- inkludert billettavgift.

Hugs å ta kontakt til meg før 1.oktober for gruppebestilling!

Så kjem vi attende med meir om planane vidare for Balestrand Kunstlag!

GOD HELG!

BALESTRAND   KUNSTLaG

Referat frå årsmøte tysdag 5. mars 2019

Det var 14 medlemmer til stades: Eli-Grete Høyvik, Trond Sundby, Marta Kvikne, Kari Bolstad, Liv Anne Breidablik, Annbjørg Alrek, Kristi Tjoflaat Miconi, Marianne Hoff, Merete Sande, Olaf Sevink, Anne Randi Farnes Myrhol, Gerd Ese, Svein Arne Skuggen Hoff, Svein Asheim

  1. Godkjenning av innkalling og sakliste

Godkjend utan merknad

  • Val av møteleiar, referent og to til å skrive under møteboka

Møteleiar: Marianne

Skrivar: Svein

Skrive under møteboka: Eli-Grete og Liv Anne

  • Godkjenning av årsmeldingar for 2018

Marianne gjekk gjennom årsmeldinga for Kunstlaget; og supplerte med info om medlemsmøte og fire utsende nummer av medlemsnytt frå styret.

Eli-Grete gjekk gjennom årsmeldinga for Astrid Høyvik Kunstfond for unge

Marta gjekk gjennom årsmeldinga for Balestrandskulen i grafikk

Årsmeldingane syner at det har vore god aktivitet i laget.

Vedtak: Alle årsmeldingane vart godkjende.  

  • Godkjenning av rekneskap for 2018

Merete gjekk gjennom rekneskapen for Kunstlaget

Eli Grete Gjekk gjennom rekneskapen for Astrid Høyvik Kunstfond for unge

Marta gjekk gjennom rekneskapen for Balestrandskulen i Grafikk og økonomien i laget sett under eitt.

Vedtak: Alle rekneskap vart godkjende utan merknad

  • Fastsetting av kontingent for 2019

Vedtak: Kontingenten vert som før: kr. 300 for familie og kr. 200 for enkeltmedlemmer

  • Innkomne saker

Det var ikkje kome saker inn til styret

  • Val av styre med varamedlemer, revisor og valnemnd

Kari la fram framlegget frå valnemnda

Leiar:         Marianne Hoff                         Attvald for 1 år

Kasserar:  Merete Sande                          Attvald for 2 år

Nestleiar:  Anne Randi Farnes                       Ikkje på val

Medlem:   Kristi Tjoflaat Miconi                      Ikkje på val

Sekretær: Olaf Sevink                                     Ny for 2 år

(Olaf ynskjer å ha 1 år prøvetid som sekretær, noko som årsmøtet godkjende)

Varamedlemmer til styret:

1 Svein Asheim                           ny for 1 år

2 Britt Kvam                            attval for 1 år

3 Liv Anne Breidablik              attval for 1år

Revisorar:

Marta Kvikne                          attval for 1 år

Jarle Geithus                          attval for 1 år

Valnemnd

Kari Bolstad

Annbjørg Alrek

Eli Grete Høyvik

Vedtak: Alle val var samrøystes

  • Utsendingar til årsmøte til:
    • Balestrand Bygdahus SA torsdag 28.mars kl. I9.00 

Svein Asheim og Liv Anne Breidablik

  • Sogn og Fjordane Fylkeskunstlag 30.mars i Høyanger

Merete Sande og Marianne Hoff

  • Norske Kunstforeninger 11.mai (9.-12.05 Kunstfestival) Haugesund

Marianne Hoff. Vara: Svein Asheim

Orientering om planar for 2019.

Marianne orienterte om planane for neste år.

– Utstillingar

  Jfr. Årsmeldinga

– Nye Sogndal kommune. Vi har fått 10.000 kr. til Bli-kjent i din nye kommune.

   Balestrand er den einaste av dei noverande kommunane som har eit kunstlag. Korleis     

   skape fora og samlingsstader for kunstinteresserte i heile kommunen?

   Ein måte kan vere å lage samlingar for kunstinteresserte i Sogndal, Leikanger og Balestrand

   Kontakte interesserte personar for å lage eit kontaktnett

   Invitere Jon Tvilde ( kultursjef i nye Sogndal) saman med andre interesserte på medlemsmøte i  

   Balestrand Kunstlag.  

Svein Arne Hoff, som er leiar i Fylkeskunstlaget, orienterte om ei sak som skal opp på årsmøtet til Norske Kunstforeninger 11.mai i Haugesund. Saka gjeld organiseringa av Norske Kunstforeninger og fylkeslaga sin plass i ein framtidig organisasjonsmodell. Det er sterke krefter sentralt som vil ta vekk fylkesleddet. Balestrand Kunstlag og Fylkeslaget er sterkt i mot ei slik organisering og vil behalde fylkeslaga. (Meir info kjem i medlemsnytt til medlemene.)