Årsberetninger for 2018 og 2019 og handlingsplan for 2020-2021
HANDLINGSPLAN FOR BRYNE KUNSTFORENING 2020 – 2021 Vedteken av årsmøtet 16.6.2020
Bryne kunstforening (BKF) har til føremål å fremja interesse for visuell kunst gjennom utstillingar, ulike arrangement og prosjekt. BKF skal vera ein aktiv og kvalitetsorientert aktør på kunstfeltet og søka samarbeid med aktørar som arbeider med andre kunstnarlege uttrykk. I 2020-21 skal etableringa av kunstnarleg råd bidra til å styrka BKFs kunstnarleg profil. Kunstforeininga skal primært stilla ut arbeid av profesjonelle kunstnarar som møter eit eller fleire av følgjande kriterier:
• Kunstfagleg utdanning på bachelor-nivå eller høgare
• Delteke i anerkjent juriert utstilling
• Medlem av kunstnarorganisasjon som har kunstfaglige opptakskriterier
Kunstnarane kan hentast frå heile verda, men det er eit mål å visa utstillingar av lokale og regionale kunstnarar kvart år.
BKF sin utstillingsprofil skal spegla mangfald innan teknikkar og uttrykk. Det er eit mål å visa arbeid av unge kunstnarar og nye uttrykksformer, kunst som fangar nye trendar, er samfunnsaktuell og skaper debatt. Deler av utstillingsprogrammet skal fastleggast i god tid slik at kunstnarane kan laga verk og utstillingsopplegg spesielt for BKFs galleri eller andre visningsstader BKF ønskjer å ta i bruk.
BKF har eit ønske om å nå betre ut til yngre vaksne, dette skal gjenspeglast i utstillings- og arrangementsprogrammet.
BKF skal tenkja økonomi i utstillingsprogrammet – om kunsten er salbar er eit kriterium i tillegg til dei kunstfaglege. Også arrangement skal ein forsøka å forma slik at dei kan gje inntekter til foreininga. Foreininga vil arbeida aktivt for å søka lokal og nasjonal økonomisk støtte til utstillingar og andre prosjekt.
Styret i BKF har som mål å halda seg oppdatert på det som rører seg innan kunstfeltet og fortløpande oppdatera sin kunstfaglege kompetanse.
BKF skal vera medlem i Norske kunstforeninger og Rogaland fylkeskunstlag.
Aktuelle oppgåver 2020-21
• Fastsetja og utstillings- og arrangementsprogram og gjennomføra det saman med ressursgruppa
• Etablera av kunstnarleg råd og utvikla nye rutinar for arbeid med utstillingsprogram
• Videreutvikla ny heimeside og utnytta potensialet i sosiale medier
• Laga plan for forvalting av BKF si kunstsamling og følga opp planar for magasin på loftet
• Laga opplegg og materiell for rekruttering av nye medlemmar.
• Ha jevnleg kontakt med lokale kunstnarar for å diskutera mogleg samarbeid på kort og lang sikt.
Utstillingar 2020 og vidare
24.1- 24.2. Kenneth Varpe / Fluid Pose – Samarbeid med Garborgdagane.
7.3 – 5.4. Grethe Unstad, Brit Bøhme og Anne K Wille / Respectare
September Tom Galta og Kai Arne Kirkebø / Foto og teikning
Oktober Odd Sama / Keramikk og foto
November Auksjon med verk frå samling og inviterte lokale kunstnarar.
Januar 2021 Gunnar Torvund – Samarbeid med Garborgdagane. Dialog med Helge Torvund og borna som forvalter Gunnar Torvunds verk. F
ebruar Frits Røed og Villa Faraldi-kunstnarar. Dialog med Bærum kunstforening, tidspunkt ikkje avklart.
Mars/April Hanne Sigbjørnsen (Tegnehanne) og Kirsten Opstad / Teikneserie og maleri. Dialog med kunstnarane, usikkert tidspunkt.
Mai 2021 Øyvind Johnsen / Video og foto Våren 2022 Turid Steinsland / Tekstil
Hausten 2022 Berit Marie Friestad / Maleri. Dialog med kunstnaren Arrangement 24.1 Kunstnarsamtale mellom Kenneth Varpe og Helga Nyman ved Rogland Kunstsenter
7.3 Kvifor er kunst viktig. Foredrag av Natasja Askelund
Januar 2021 Helge Torvund om Gunnar Torvunds kunst. Sidearrangement til utstillinga med Gunnar Torvund. Samarbeid med Garborgdagane Styret vil arbeida for å få til andre arrangement enn dei som er lista her.
Beklagar at det har teke tid å svara deg.
Når det gjeld samling har me arbeidd mykje med den det siste året. Samlinga har historisk vore viktig for BKF og foreninga vart i si tid nærast oppretta for å oppretta ei samling og ta vare på ulike kunstverk. Det har opp gjennom åra regelmessig blitt kjøpt inn kunst frå utstillingane og ein del verk har også blitt donert til foreninga. Forvaltning av samlinga har stort sett vore å laga ei årleg temautstilling med basis i samlinga. Nokre verk har også vore utlånt til ulike institusjonar. Dei seinare åra har me ikkje kjøpt inn nye verk og har gjentekne gonger diskutert forvaltning. Spørsmålet om me bør bruka ressursar på samlinga har blitt reist fleire gonger. – Bør me kanskje selga heile samlinga og heller vera ein aktiv formidlingsaktør av ny kunst? Me hadde saka oppe til drøfting på årsmøtet i 2020 og har etter det ei felles forståing om at me vil konsentrera til ei kjernesamling av verk som er viktige for historia til BKF og primært speglar lokale kunstnarar, men også viktige utstillingar i BKF. Etter det har me invitert medlemmar til å sjå samlinga og nominera verk til kjernesamling. Dette har me gjort, og dette arbeidet blei etterfulgt av ein auksjon av ca 20 verk i desember 2020. No fortset me arbeidet. Me vil spisse kriteria for kva verk som skal inngå i kjernesamlinga og me vil leggja meir konkrete planar for korleis me vil forvalta samlinga. Eg sender det oversikt over samlinga slik den er pr dags dato.
Kunstnarleg råd, ganske lang sak, eg får skrivekrampe dersom du skal ha den historia. Kunne me heller snakkast? Eg sender deg retningslinene. Er enno ikkje etablert, men me jobber med saken. Medlemmer er nominert, første møte trolig i februar.
Vedlagt også vedtekter og rekneskap for 2019.
Vedteke på årsmøte 16.6.2020
Forslag til retningslinjer for kunstnarleg råd i Bryne Kunstforening
Føremål
Kunstnarleg råd (KR) skal bidra til å vidareutvikla kunstnarleg kvalitet i kunstformidlingsarbeidet til Bryne Kunstforening (BKF)
Ansvar
KR skal gi råd til styret i BKF. Det er styret som har ansvar for alle beslutningar og som etter vedtektene forplikter foreninga.
Medlemmar av kunstnarleg råd
Det er styret i BKF som oppnemner medlemmer til KR. Medlemmane bør ha aldersmessig spreiing og gjerne representa ulike kunstarlege uttrykksformer. Medlemmane i KR vert oppnemnd for to år og kan gjenoppnemnast ein gong. Oppnemninga skal skje seinast andre styremøte etter årsmøtet.
Rådet skal bestå av 3 medlemmer inkludert styret sin representant. Dei skal ha kunstfagleg bakgrunn og/eller er utøvande kunstnarar med medlemsskap i ein kunstnarorganisasjon. Deltaking i anerkjent juryert utstilling er eit pluss. Styret sin representant skal ha ansvar for å tilretteggja arbeidet og dokumentera aktiviteten i KR og begrunnelsane for dei råd som vert gitt.
Oppgåver
KR skal gje råd til styret om utstillingsprogram i Bryne kunstforening. Planleggingshorisonten er eitt år eller lenger. KR skal ta utgangspunkt i BKF sitt kunstnarlege program slik det kjem fram i årleg handlingsplan.
Arbeidsoppgåver:
- gjennomgå søknadar om utstillingsplass
- vurdera forslag som er kome opp frå medlemmar, styret eller andre
- foreslå på eige grunnlag aktuelle kandidatar eller prosjekt det kan arbeidast med på kort eller lang sikt.
- Kan etter beslutning og i samråd med styret ta første kontakt med aktuell kunstnar
Habilitet
Medlemmer av KR kan ikkje vera med i behandling av eigne søknader eller søknader og forslag som gjeld nærståande. Den enkelte i samråd med KR må sjølv ta stilling til inhabilitet. Forvaltningslova sin definisjon av inhabiletet vert lagd til grunn.
Rogaland Avis 16.11.1955 ny kf.
Årsmelding 2019 Bryne Kunstforening
Innhaldsliste
Utstillingar og arrangement
Publikum
Årsmøte
Arbeid i styret
Ressursgruppa
Økonomi
Medlemmar
Leif
Representasjon
Juleutlodding
Årsmelding for Bryne kunstforening 2019
Utstillingar og arrangement
16.02 – 17.03 Første utkast / Adolescent Outcast,Brynhild Elvira Winther
På opninga var det musikkinnslag ved Psyko Blasfemi, eit «ungt, aggressivt garasjeband frå Bryne». Opning ved Kirsti Sandved.
Utstilling fekk brei førehandsomtale i Jærbladet samt reportasje frå opninga i mølla og intervju med kunstnaren.
På opninga var det 80 frammøtte og tilsaman 211 såg utstillinga. 2 verk blei selde.
Som ein del av Livsgledefestivalen arrangerte BKF teikneverkstad for born med Stine Rommetveit 9.3. Tilsaman 45 foreldre og born deltok.
Knytt til utstillinga arrangerte Bryne kunstforening eit kveldsarrangement torsdag 7. mars. Det vart innslag ved forfattar og årets stavangerkunstnar 2019, Kristin Auestad Danielsen, og kunstbad-samtale mellom dei to kunstnarane. Arrangementet vart halde i utstillingslokala i Bryne mølle med tittelen Går det an å spira utan å bryta fram? Publikumstalet på dette arrangementet var 35.
Utstillinga fekk kr 5000 i støtte frå Norske kunstforeninger og 5200 frå Norsk Forfattarsentrum
brynekunstforening.no/2019/brynhildwinther
06.04 – 12.05 – Minne frå ulike landskap, Ola Nordsletten
På opninga var det musikkinnslag ved Sigrid Undheim Lygren og Erlend Lygren. Opning ved Kirsti Sandved og Herborg Kverneland. Utstillinga vart meld av Trond Borgen i Stavanger Aftenblad og det var førehandsreportasje i Jærbladet.
På opninga var det 120 frammøtte og tilsaman 291 såg utstillinga. 47 verk vart selde, det var nesten alle som var med på utstillinga.
11.04 hadde BKF eit kveldsarrangement der Øyvind Nordsletten kåserte om farens liv og kunst. Det var 85 frammøtte på dette arrangementet.
brynekunstforening.no/2019/olanordsletten
25.05 – 23.06 Tegninger fra 60-tallet til i dag,Kjell Pahr-Iversen
Musikkinnslag ved Vidar K. Schanche, opning ved forfattar Helge Torvund. På opninga var det 100 frammøtte og tilsaman 188 såg utstillinga. Det vart seld tilsaman 7 verk.
Trond Borgen melde utstillinga i Stavanger Aftenblad
28.5 var det eit sidearrangement kor Trond Borgen snakka om kunsten og spesielt teikningane til Kjell Pahr Iversen. Saman med kunstnaren viste han rundt i utstillinga. Arrangementet samla 47 deltakarar.
Utstillinga fekk kr 5000 i støtte frå Norske kunsforeninger.
12.09 – 06.10 Regnbogeoske og drakeeim,Kjell Folkvord
Opning ved Sigvart Zachariassen, Lars Ole Bergersen spelte fiolin. Kjell Folkvord viste rundt i utstillinga og snakka om sin kunst. På opninga var det 60 frammøtte og tilsaman 131 såg utstillinga. 4 av verka som blei vist på utstillinga blei selde.
Det var førehandsomtale i Jærbladet.
Kunstnaren hadde besøk av ein klasse frå Bryne vidaregånde skule
19.10 – 17.11 Kullteikning og tresnitt,Bernhard Østebø
Opning ved Inger Åse Høyland Braut, Martin og Grete Våland hadde musikalsk innslag. Utstillinga er ei vandreutstilling i støtta av Rogaland Fylkeskunstlag. Åpningutstillinga i Stavanger fekk melding i Stavanger Aftenblad. Utstillinga på Bryne fekk fyldig omtale i Jærbladet.
På opninga var det 55 frammøtte og tilsaman 80 såg utstillinga.
Sundag 17.11 var kunstnaren til stades for å møta publikum, snakka om kunsten og visa rundt i utstillinga.
brynekunstforening.no/2019/bernhardostebo
30.11 – 22.12 – Teikning,Ottar Karlsen
Opning ved kunstnar Tove Kommedal. Det var planlagt at Karina Siegmund også skulle delta på denne utstillinga, men ho måtte melda forfall kort tid før opninga.
På opninga var det 27 frammøtte og tilsaman 47 såg utstillinga.
brynekunstforening.no/2019/ottarkarlsen
Publikum
Samla besøkstal på utstillingar og arrangement i 2019 har vore 1130.
Årsmøte
Årsmøtet vart halde 19. mars 2019 i Bryne mølle. 21 medlemmar møtte.
Det hadde ikkje lukkast valkomiteen å finna ny leiar. Valet blei difor halde på ekstraordinært årsmøte 11.04. Styret 2020-21 er samansett slik:
Sigvart Zachariassen (leiar)
Inger Aase Høyland Braut
Leif Andenes
Torfinn Edland
Nils Anders Refvik
Lisa Hognestad
Borghild Aase
Linda Nora Rogn
Edny Hammervold (vara)
Michael Evans (vara)
Etter årsmøtesakene fekk vi ei kort orientering om videokunst generelt, og deretter ein film samansett av fem videoar frå Haustutstillinga i 2018, formidla av Norske kunstforeninger. Helge Hansen: A Walk on the Beach, Andrea Lange: AH UM, Marius Mathisrud: FreeDOOM Fighter, Karou Calamy: Hajar og Franciska Eliassen: Imellom /Blue borders.
Etter årsmøtet var det ein open diskusjon om oppretting av kunstnarleg råd. Det var mange konstruktive og positive innspel til å oppretta kunstnarleg råd, mange meinte det vil bidra til å auka og sikra kvaliteten av utstillingsprogrammet og kan gjera Bryne kunstforening meir attraktiv for blant kunstnarane.
Arbeid i styret
Det har 8 styremøte i 2019. Styret har arbeid med desse sakene:
- Sett opp utstillingsprogram for 2019-2021
- Utarbeid forslag til retningslinjer for eit framtidig kunstnarleg råd
- Utvikla rutiner og sjekklister for den som er ansvarlig for gjennomføring av eit utstillingsløp – frå A til Å.
- Organisering av arbeid med utstillingsprogram. Ei lita gruppe (Kjersti, Linda og Sigvart) har gjennomgått søknadar og forslag som har vorte gjennomgått og klubba av styret.
- Oppfølging av lokale kunstnarar – etablert system for dette og hatt samtaler med nokre kunstnarar
- Arbeidd meir systematisk med sidearrangement og kobling til andre kunstnarlege uttrykk
- Forvalting av kunstsamlinga
- Oppfølging av planar for bygging av magasin på loftet.
Det er handlingsplanen for 2019-2020 som var vedteken på årsmøtet som har lege til grunn for arbeidet i styret.
Ressursgruppa
Kva skulle me gjort utan ressursgruppa? Snekring, maling, rigging, bæring av uhyggelig store og tunge glasplater opp dei smale trappene, opphenging, pakking, kjøring, kaffikoking, matlaging og ikkje minst smørjing av det gode maskineriet som må til for å få på plass utstillingar og arrangement. Alltid på pletten med godt humør og utstyret som trengs.
Økonomi
BKF hadde eit overskot på kr 20 435 i 2019. Foreninga har fått tilskot frå Time kommune (45 000), Norske kunstforeningar (10 000) og Norsk Forfattersentrum (5200)
Medlemmar
BKF har i 2019 hatt 83 betalande medlemmar.
Leif
Leif Andenes, heidersmann, æresmedlem i BKF og styremedlem i 50 år døydde 12.10.2019. Det vart skrive minneord til avisene og tidlegare leiar i BKF Karin Sunderø heldt minnetale i gravferda. BKF var teknisk arrangør for minnesamvær i Bryne mølle.
Representasjon
Rogaland fylkeskunstlag: Lisa Hognestad vart vald inn i styret i Rogaland fylkeskunstlag på fylkeskunstlaget sitt årsmøte 6. april i Bryne mølle. Lisa avløyste Kirsti Sandved som representant frå Bryne kunstforening.
Årsmøtet i Norske kunstforeninger: Kirsti Sandved deltok på kunstfestival med årsmøte i Norske kunstforeninger i Haugesund 9. – 12.05. Grafikkfestivalen i Haugesund var del av arrangementet. Bryne kunstforening hadde på førehand sendt inn innspel til organisering av Norske kunstforeninger, noko som var sak på møtet.
Juleutlodding
Årets bilete var måleriet Terner på Strand frå 1973 av Gunnar Haukebø. Biletet vart kjøpt inn etter ei separatutstilling i Bryne kunstforening i 1974 for 2.000 kroner
Vinnar var Olav Øgaard.
—–
Årsmeldinga vart vedteken på årsmøtet 16.6.2020
2018
B R Y N E K U N S T F O R E N I N G. ÅRSMELDING 2018 (19 mars 2019)
Dan Skjæveland med foto var siste utstillar i eit aktivt kunstår 2017. Utstillinga hang oppe til første helga i januar 2018 – også siste dagen godt besøk, fleire var venner og kjenningar av Dan, som er timebue frå Kvernaland. Dan Skjæveland har også stilt ut på Høstutstillingen.
Me gjekk inn i eit aktivt kunstår då me den 19 januar opna den første utstillinga i 2018.
På årsmøtet i mars vart Kirsti Sandved vald til ny styreleiar. Det vart og vedteke å utvida styret i Bryne kunstforening. Det gav større høve til fordeling av gjeremål og
dermed ansvarsdeling for ein god styreleiar.
Leiar følgjer opp med oversiktlege meldingar, og styremedlemer veit til einkvar tid sitt gjeremål og område. – Ein fin breidde.
Med den frå før frivillige og ypperlege ressursgruppa, vart det etterkvart eit godt mannskap å ta til med i det nye kunståret 2018. Noken av utstillingane, 6 i alt – var for ein del bestemt i god tid, men detaljane kjem etterkvart og krev plan og løysingar. Det går utruleg bra sjølv om utstillarane ikkje så sjeldan kjem kort tid før opningsdag og har gjerne tildels «kollien» med seg og er med og monterer.
Ikkje uvanleg då med omkalfatring av lausvegger eller meir rom for golvplass og andre variantar. Utstillingskomiteen har eit vake auga, dei er vennlege men må vera bestemte. Særleg Inger Åse har erfaring og eit godt tak her – og Ressusrsgruppa er umisteleg. «Kjærlighet oppfinnsom gjør» seier salmisten!
Første utstilling opna 19 januar. Utstillinga heitte «Tid», med dei to kunstnarane Cato Løland frå Sunnhordland og Tove Kommedal, Stavanger. Kunstnarane arbeidde i Mølla med denne utstillinga i to veker. Men hadde halde på med ideane mykje lenger. Kunsten deira vart laga på staden og skulle ikkje bli utstilt andre plasser. « Dermed må ein med rette kunna kalla utstillinga for unik,» skriv Jærbladet i særs grei forhåndsomtale.
.«Flott balansekunst» skriv Trond Borgen i ein glimrande kunstkritikk i Aftenbla.; og skriv mellom anna: «- – dette er utstillingens åpne holdning; den låses ikke inn i noen bestemt tolking. I stedet gir den oss en flott balansekunst, både mellom de ulike materialene og mellom de to kunstnerne, som har formet en fin helhet , full av overraskende undring.»
Det var to gode folk å samarbeida med, kanskje særleg Torfinn minnest den løgne triveligheten med innhenting av raude plogskjær frå Kverneland A/S som vart hengt i krok frå taket innsmurt i gult smør! Denne gongen opna utstillinga fredagkveld kl 19. På utstillingsopninga var det musikk av Signe Irene Stangborli Time. Utetter kvelden kunne publikum forsyna seg av velsmakande rett frå ei dampande gryte. Ei spesiell markering av opninga, – og grytematen hadde ei særleg soge ifølge den eminente kokka, utstillar Tove Kommedal!
Neste utstilling «Open Space» opna laurdag 10 mars kl 13. Det var og den store helga med opnig av Kaizersplass fredag kveld. Utstillinga var kunstnargruppa Lisa Pacini, Christine Istad, Mona K. Lalim og Hennie K. Isdahl med eit felles kunstprosjekt. Gruppa representerer induvidielle, men beslekta kunstuttrykk. I Bryne kunstforening viser gruppa maleri, foto og tredimensjonale verk. Kunstgruppa ønskjer å undersøka rom som ein ambivalent og bevegeleg størrelse i ein kulturelt spesifik kontekst. Ved opninga var det musikalsk innslag av Hanne Vasshus – og Leif fortalde om Kunstforeninga og Kaizersplass (som med store festligheter var «innvigd» dagen i førevegen. Leif var invitert til middagen fredag kveld for å fortelja soga då og.) Om utstllinga hadde kunstkritikar Anne Terese Tveita særs fin kunstkritikk i Aftenbla`.
Utstillarane kjem oftast til Bryne på dagtid – dei fleste i styret er i arbeid, men Torfinn og eg er meir ledige og funne brukbare til mottaking av kuntnarar og ofte medbrakt kolli – Separate kunstlass oftast på dagtid er me vane med. Då dei fire i kunstnargruppa Open Sace kom til Bryne torsdag 8 mars, inviterte Torfinn og Leif dei til felles bespisning av «fast-følge-sjever» og ein lettlig, men sjølvsagt lett beherska 8 mars markering på messaninkafeen. God mat og raude roser på bordet gjorde stunda, om ikkje nett bevega, så nokså storarta.
Tredje utstilling «Andre Premisser» opna 21 april. Dei fire kunstnarane Line Anda Dalmar, Kristin Velle George, Nina Bang Larsen, og Hilde Frantzen viser Samarbeid som kunstform og dei tolkar kvarandre i Bryne kunstforening. Utstilling med arbeid der dei tolkar kvarandre, opna i Trondhjems kunstforening i januar med dei same arbeid som no vart viste på Bryne, spennande og krevjande. Til Jærbladet seier dei det slik: «Me kan ikkje laga dårlegare kopiar av noko dei andre allereie har laga, men må ta med oss sjølve inn i arbeidet, og laga noko som er vårt, samtidig som det er ei tolking av den andre. .» På opninga var det musikk av «Generalforsamling», som gav sitt beste. Kunstnarane var tilstades og var særs nøgde, som så oftast.
Den 4. og siste utstillinga våren 2018 var eit utval av nyskaffingar til eiga samling etter år 2000. Dei aller fleste arbeida er kjøpt inn av kunstforeninga etter uttillingar, medan andre er gåver. I alt 21 arbeid av like mange kunstnarar vart vist. Det var biletutvalet som inspirerte til tittelen «Frå New York til Jæren»», med Roar Lende sitt måleri Møte i NYC som utgangspunkt. Biletet frå serien «Møter», separatustilling hausten 2011. Etter ein kjappsving innom Brasil og Claudio Ethos sin utsmykking på vegg ved Kaizerslassen startar ferd gjennom Nye landkap og andre utstillingar, så heim til Jæren og kunstnarar herifrå. Utsillinga fint montert av dyktige styre- og varamedlemer! På opninga var det musikk av Bjarte Edland. Jærdagstider og godt besøk. Utstillnga hang oppe til 17. juni, då var det sommarstengt.
Sommaren gjekk og me såg fram til haustsessongen og Jens Erlands sin utstillingsopning 1. september med «Refleksjon». Her kjenner eg at eg må gi opp. Noko som rører meg og vert for nært, trur eg. Viser berre til våre eigne opplevingar – eller Åge Bjørnevik sin samtale med Jens og framragande førehandsmelding i Jærbladet. Trond Borgen sin kunstkritlkk i Aftenbla` er ein glimrande kunstlitteratur for seg.
Opningsdagen til Jens. Godt å stå saman med hundrevis på Kaizersplassen då, – i ideleg godlyd med forventning og den underlege tilhørigheten. Folk fyllte golv og trapper innandørs. Med Synneva sin svalande songlyd i trengsla vart alt fullkome både inne og ute.
Litt av Trond Borgen: «Hvert enkelt verk danner en stasjon for refleksjon over mennesket, naturen og teknologien».
Etter utstillinga var det mange som fann vegen til Karen og Jens sitt gjestebod i keramikverkstaden.
27.oktober opna Elisabet Jarstø årets siste utstilling med RANDOM MUTATIONS. Det var klingande musikk på opninga av Saxtetten – seks saksfoner.Kjempestemning, både fint og løye!
Utstillinga var kunst om utviklinga av livet – og spådomar om framtida. Utan å bli dyster. Elisabet Jarstø innbyr til refleksjon rundet ein alvorleg tematikk, . Godt underbygd av hennar lågmælte videoverk danna utstillinga snarare rom for ettertanke rundt eigen rolle i det sårbare økosystemet me er ein del av. Kunstmeldar Anne Therese Tveita i Aftenbla` hadde ein interessant og fin kunstkritikk.
Besøkstalet har gått munaleg opp til noko over 1900. I fjor var dette talet litt over eitt tusen. Det har dels vore besøkande utanom ordinær opningstid, særleg til Jens Erland utstillinga som samla har eit særs høgt besøkstal. Til vanleg samlar utstillingsopningane stort publikum, – mellom femti og åtti personar, det er frå godt vaksne til unge familiar med mindreårige – også «NSB reisande innante byane». Spesielle utstillingar samlar også ungdomen. Der er gode musikkinnslag som folk veit å setja pris på, og gode innformerande og velforma ord av leiaren Kirsti. Lett servering. God trivsel i fint miljø.
Frå kommunen får me tilskot til vakthald, som også gjeld Andreas Bøe galleriet.
Medlemstalet held seg omlag som i fjor, …… .
Tilskot: Vi har motteke fraktstøtte frå norske kunstforeninger.
Kirsti Sandved er styremedlem i Rogaland fylkeskunstlag.
«Høgaloftet i Mølla». Kommunen har planar om innredning av loftet, og kunstforeninga har sterke ynske om bl.a kunstlager og arkiv. Me har vore med på noken møte med folk frå kommunen, også synfaring på loftet der me har gjort greie for våre ynske, – saman med kultursjef Trond Lie, kulturhussjef Åse Skrudland, ein teknikar og arkitekt Fuglestad.
Ei veke før jul samlast noken i styret til ein liten juletreff ein lørdagsføremiddag. Då trekte me og eit kunstverk blandt medlemmene. Bilde av Andreas Bøe vart vunne av Anny Prestegård. «Juletrekninga», ein tradisjon me har teke oppatt.
Etter Årsmøtet i fjor hadde me kulturkveld med biletkunstnar Åse Anda, me var omlag 15 tilstades.
Ved enkelte utstillingar har det vore kulturprogram med kunstnarane.
Til vanleg etter kvar utstillingsopning samlast styret og kunstnar, kanskje med noken venner, til eit enkelt, men særs hyggelig måltid mat. I ettertid har me høyrt mange godord for omtanke og nærhet.
I styremøte i B K F vart Lisa Hognestad vald som Bryne kunstforening sin representant i Kunst kommune for utforming av kunst ved området Mølla og Fossen og innkjøringa til Bryne.
Det har i året vore 8 styremøte og noken «arbeidsmøte».
Kulturminnenemnda i Time takkar kunstforeninga for markering gjennom mange år med blomar på biletkunstnar Ole Tjøttas gravhaug 23.april (hans fødselsdag i 1880).
Så rundar eg av med Trond Borgen sine ord i årets kunstkavalkade nyttårstider i Stavanger Aftenblad: «På Bryne har de nå en av de best drevne kunstforeningene i landet, alltid med interssant kunst . . . «
L e i f A n d e n e s
