Hardanger kunstlag
Laget har to store prosjekter: Et husvære med atelier i Berlin, og kunstprosjektet ODDart.
Kunstnarhusværet i Berlin vart oppretta av Hardangerrådet i 2009. Frå hausten 2016 overtok Hardanger Kunstlag, på vegne av eit spleiselag. I 2019 består spleiselaget av Hardangerkommunane og kunstnarorganisasjonen Harding Puls. I 2019 overtok Eidfjord kommune leigekontrakta, Hardangerrådet hjelper til med administrasjon medan Hardanger kunstlag har ansvar for økonomien.
Hei,
Kjekt at det er interesse for Hardanger Kunstlag og vårt arbeid med kunstnarhusvære i Berlin.
Laget vart stifta i 2016 på Utne Hotel med ei lita gruppe av kunstinteresserte og kunstnarar til stades. Namnet Hardanger Kunstlag vart valt med tanke på at ein under ein slik paraply kunne trekka til seg medlemmer frå heile Hardanger sidan dei andre kunstlaga i regionen var lite aktive og på veg til å bli lagt ned. I ettertid er det blåst nytt liv i Odda kunstforening medan Ullensvang kunstlag er blitt slått saman med Hardanger Kunstlag.
Hardanger-Berlin
Hausten 2016 ville Hardangerrådet sei opp leigeavtalen for kunstnarhusværet i Berlin, ei ordning dei hadde oppretta i 2009 og som alle dei sju kommunane i Hardanger var med å finansiere. Ein av kommunane ville trekke si støtte til ordninga og dermed rakna grunnlaget for fellesprosjektet. Hardanger Kunstlag kom bokstavleg inn i 12.time og overtok leigeavtalen fordi ingen andre ville ta det på seg. Me var redd for at om denne fantastiske ordninga vart lagt ned ville me neppe klare å oppretta ei liknande ordning igjen på eit seinare tidspunkt.
Styret i Kunstlaget fekk sett saman eit spleiselag av ulike aktørar for å dekka leigeutgiftene. Det var avtalar med dei enkelte hardangerkommunane om eit mindre beløp enn tidlegare, ein treårig avtale med eit prosjekt i Lærdal som kjøpte tre månader i året til kunstnarar frå Sogn, Harding Puls ( www.hardingpuls.no ) og Kunstnarhuset Messen ( www.khmessen.no ) bidrog med ein årleg sum, og alle som fekk opphald i kunstnarhusværet måtte også betale eit lite gebyr. – All administrering av ordninga vart gjort på dugnad av leiar og kasserar i laget. Spleiselaget fungerte slik i tre år. Dette har vist seg å vera ganske krevjande for oss i Kunstlaget som har hatt hovudansvar for å sy det heile saman. Men det har vore ein nødvendig innsats for at Hardanger skulle fortsetta å ha dette tilbodet for kunstnarar som bur i eller som kjem frå regionen.
Som det står på nettsida vår har no Eidfjord kommune overtatt leigekontrakten for ein periode og administrering av ordninga er fordelt på kultursjef i Eidfjord, sekretær ved Hardangerrådet i tillegg til kasserar og leiar i Kunstlaget.
Dette er ei ordning som mange av oss kunstnarar i Hardanger har hatt stort utbytte av. Det er mange ulike kunstprosjekt som er blitt utarbeidd under opphald i Berlin. Bøker er skrive, musikk er komponert, maleri er blitt til, prosjektskisser skrive og visualisert, konsertprogram utprøvd på mindre scener, kontaktar oppretta og ikkje minst har me som har budd i husværet fått oppleva utstillingar og kunstarrangement i storbyen som har vore viktig inspirasjon for eigen kunstnarisk utvikling.
Ta gjerne kontakt att om du treng fleire opplysningar.
Beste helsing
Johild Mæland
Leiar Hardanger Kunstlag
Mob.45214512
Styret i Hardanger Kunstlag 2019
Leiar og skrivar Åsmund Aarvik Nestleiar Johild Mæland Kasserar og ansvarleg for fb Siri Kvalfoss Styremedlem Svein Nå og Kari Kvinge Nå
Varamedlemer Kjell-Erik Ruud og Brit Helen Stuholm Valnemd Arnhild Bleie.
Styret vel ein person til i valnemda. Nettansvarleg Iben Mansfeld Revisor Knut Steinar Bu Åsmund flytta hausten 2019 og Johild har sidan den tid fungert som leiar.
Hardanger Kunstlag har hatt 8 styremøte i 2019 og behandla 31 saker. Det var 36 medlemer i laget. Årsmøtet 2019 vart halde i kantina på heradshuset i Kinsarvik. Program var Oddmund Hus som viste bilde og fortalde om boka si Lofthusmålarane. Samling på Gløyp i Kinsarvik 19. januar.
Kunstnarsamtale/ presentasjon av Lars Korff Lofthus og presentasjon og tilbakemelding frå kunstnarane som har hatt opphald i Hardanger sitt kunstnarhusvære i Berlin i 2018. Arrangementet var ope for alle interesserte. I tillegg var representatar for spleiselaget som betalar for ordninga inviterte ved ordførarar, rådmenn og kulturansvarlege i alle kommunane i Hardanger samt leiar i Harding Puls. Kunstnarsamtalen med Lars Korff Lofthus vart leia av Åsmund Aarvik. Johild Mæland som er ansvarleg for administreringa av kunstnarhusværet for Hardanger Kunstlag var sjuk. I staden stilte kultursjef i Eidfjord kommune og leiar av Hardanger kulturråd Lisbeth Bygstad Celik og heldt ein introduksjon om ordninga og korleis aktiviteten hadde vore i 2018. Ranveig Helen Lægreid og Benedicte Maurseth fortalde om sine erfaringar frå studieopphald i Berlin. Inger-Kristine Riber og Reidun Horvei hadde laga ein video som vart vist.
ODDArT 2019 Kunsthelg i Odda sentrum arrangert for tredje gong 29. – 31.8. Dette er eit samarbeid mellom Hardanger Kunstlag og Harding Puls. ODDArT har eit eige styre der Svein Nå og Johild Mæland representerer Hardanger kunstlag. Solfrid Aksnes leia styret. Tema for ODDArT-2019 var Inspirert av Knudsen. Ein inviterte regionale kunstnarar til å lage verk inspirert av fotograf Knud Knudsen sitt virke. Kunstnarar som deltok var: Else- Karin Tysse Bysheim – instalasjon, Ingunn van Etten – maler, Mari Skeie – objekt, Felicitas Aga – maler, Solfrid Aksnes – fotocallage, Judith E. Haan – tresnitt, Anne Hsevik – maleri, Lars Korff Lofthus – maleri, Åse Berit Skeie Ulltang – tusjteikning, Silje Solvi – foto. Denne utstillinga var i Lindehuset.
Andre aktivitetar under ODDArT-2019: – Lunsjkonsertar på Odda bibliotek med Rannveig Djønne og Anne Børsheim, Laura og Arpad Buta, Ragnhild Opedal Tveit, Torbjørn Dagestad og Anette Torvund. – Føredrag om Knudsen som fruktdyrkar av Finn Måge. – Fotoverkstad med Ingerid Jordal og Ådne Dyrnesli. – Drinking and drawing med Felicitas Aga. – Omvisning i utstillinga med Torild Gjesvik og Brita Jordal. – Kunstnarsamtale om Knudsen med Torild Gjesvik og Åsne Digranes leia av Else Marie Sandal. – Gatemusikarar – Mihai Sorohan og Torbjørn Dagestad – som spelte utanfor biblioteket, Lindehuset og Litterarturhuset før arrangementa starta. –
Prøv deg som gatekunstnar- workshop på lerret mellom trea øvst i gågata. – Det blinde Øye – utstilling og føredrag av Rune Eraker. Arrangementet vart godt gjennomført. Dette var eit treårig prosjekt som me vonar vert vidareført i ei eller anna form av andre eldsjeler. Juleutstilling 2019 30. november opna Hardanger Kunstlag juleutstilling på Nærbutikken, Grimo. Utstillinga stod til 2.januar. Dette er ei medlemsutstilling, men me valgte i år å invitere medlemer i Odda kunstforening og Mandagsmålarane i Kinsarvik til å delta. Det var 13 utstillarar og 47 utstilte verk. Dei som deltok var: Solfrid Aksnes, Siri Kvalfoss, Johild Mæland, Felicitas Aga, Anna Aakre Kråkevik, Britt Helen Stuholm, Eli Lillevik, Marianne Ljostveit, Elin Hartveit Ure, Else Jensen, Liv Eikemo Opdal, Marie Ribersen, Beate Syska. Siri tok i mot påmeldingar, laga plakat og utstillingsliste og ordna forsikring av utstillinga. Svein, Kari, Siri og Johild monterte utstillinga. Det var opning av pepparkakebygd, musikalsk innslag rett før vår opning. Masse folk. Johild held ei lita tale og presenterte alle utstillarane. Kari delte ut Twistposar til utstillarane. Det vart seld kunst for kr 6650. Prosent til kunstlaget kr 665. Underskot totalt med kr. 2710,70. Men styret meiner likevel det er viktig aktivitet å gjennomføra.
Positivt med samarbeid med Måndagsmalarane i Kinsarvik og Odda kunstforening. Muntleg avtale om at i 2020 skal Odda kunstforening invitera oss til felles juleutstilling.
Hardanger-Berlin – Kunstnarhusvære i Berlin. Hardanger Kunstlag har sidan 2016 vore ansvarleg for leigekontrakta og administrering av ordninga. Utgiftene vart i 2018 betalt av eit spleiselag som besto av: Alle kommunane i Hardanger, Harding Puls og ei lita husleige frå dei som har fått studiopphald i husværet (kr 50 pr døgn). Kunstnarane som hadde opphald i 2019 var: Inger Kristine Riber, Benedicte Maurseth, Solfrid Aksnes, Aud Bækkelund, Jorid L.Eide, Ådne Dyrnesli, Eirik B.Gravdal, Eli Gunvor Grønsdal, Inger Elisabeth Aarvik, Iben Mansfeld, Judith de Haan. Kunstlaget har hatt fleire møte med leiar og sekretær i Hardangerrådet og leiar av Hardanger kulturråd om eit nærare samarbeid i administreringa og ansvar av kunstnahusværet. 7.8. inngjekk ein avtale der Eidfjord kommune overtek underskrift av leigekontrakta og sekretær i Hardangerrådet overtek ansvar for distibuering av nøklar og søknader om opphald. Primæransvaret for Kunstlaget er økonomien. Ei stor letta å få fordelt ansvaret på fleire aktørar!
Kunstregistrering for Ullensvang herad Ullensvang herad ved Ingvild Ystanes spurde kunstlaget om me kunne ta på oss å registrera kunstverk som heradet eig og laga ein oversikt med foto og beskrivelse av verka. Laget vart tilbydt 300 kr timen for dette arbeidet. Dei som har vore med å utført det er Astrid Grønsnes, Ragnhild Lund, Tone Tveito Eidnes, Dagny Lutro og Johild Mæland. Eit omfattande arbeid som har vore interessant og har skaffa ein del pengar inn til laget. Planen var at oppdraget skulle vera ferdig før årskifte, men det var mykje meir tidkrevjande enn noken forestilte seg slik at det let seg ikkje gjera. Sjølve registreringsarbeidet er no ferdig, men det gjenstår ein siste sjekk på at opplysningar på skjema og foto av verka stemmer overeins.
Lagring av lagsbøker, permar mm frå Ullensvang kunstlag. Kari, Svein og Johild har gått gjennom lagsmateriale etter Ullensvang kunstlag. Bare dei nyaste permane med rekneskap og div. styrepapir er fortsatt lagra hos Johild på Utne. Alt det andre dvs. styreprotokoll frå stifting av laget, utstillingsprotokollar for Hardangerutstillinga på Krossvoll mm er no overlevert til Ullensvang herads sitt lagsarkiv på Sindark på Smelteverkstomta. Vår kontaktperson har vore Erlend Trones.
Hardanger Kunstlag er medlem i Norske Kunstforeninger.
Utne 18.3.2020 Johild Mæland leiar
Årsmelding 2018 Hardanger Kunstlag Styret i Hardanger Kunstlag 2018 Leiar og skrivar Åsmund Aarvik Nestleiar Johild Mæland Kasserar og ansvarleg for nettsida Siri Kvalfoss Styremedlem Svein Nå og Kjell Erik Rud Varamedlemer Arnhild Bleie og Kari Nå Revisor Knut Steinar Bu Årsmøtet 2018 vart halde på HardingART på Utne 14. mars 2018. På møtet vart Ullensvang kunstlag og Hardanger Kunstlag slått saman til eitt lag med namnet, Hardanger Kunstlag. Hardanger Kunstlag fekk og i gåve kunstverk frå Sparebanken Vest sitt bankbygg på Utne. Hardanger Kunstlag hadde 4 styremøte i 2018 og det har vorte handsama 28 saker. Det var 41 medlemer i laget. Fyrste arrangement 2018 var «Ich bin auch ein Berliner», Kunst og kulturdryss, 13. januar på HardingarT, Utne. Me stilte spørsmåla: – Kva har dei med seg heim att av arbeid, erfaring og inspirasjon? – Kva nytteverdi har Hardanger av å ha oppdaterte kunstnarar? Det var godt frammøte av kunstnarar som hadde vore i Berlin, og av kommunepolitikarar. Me fekk ein brei og spennande presentasjon av kva opphalda i Berlin har bidrege med i arbeida til mange kunstnarar. Det vart og ein god samtale med politikarane om verdien av dette tilbodet. 14. april arrangerte Hardanger Kunstlag kunstnarsamtale med Leander Djønne på Hardanger folkemuseum, Utne. Leander Djønne viste filmen, Øyde til øyde, poetisk dokumentar med røter i Hardanger. Etterpå hadde han ein samtale med Åsmund Aarvik om arbeida sine. 30. august til 1. september vart ODDArT arrangert for andre gong. Denne kunsthelga har eit eige styre, og Hardanger kunstlag er eit av laga som står bak arrangementet. Johild Mæland og Svein Nå representerte Hardanger kunstlag i styret for ODDArT 2018. Arrangementet vart godt gjennomført, med flotte utstillingar, gode seminar og workshops, varierte konsertar, fleire kunstnarsamtalar og kunstguiding. 21. november presenterte Oddmund Hus boka si, Lofthusmålarane, på Hotel Ullensvang, Lofthus. Hardanger kunstlag var medarrangør og bidrog med marknadsføring og tilrettelegging av arrangementet. 8. desember opna Hardanger Kunstlag si juleutstilling på Nærbutikken, Grimo. Edyta Kinga Bryk spelte fiolin og Svein Nå stod for opninga. Seks lokale kunstnarar deltok på Utstillinga. Desse kunstnarane deltok på utstillinga: Greta Nordlund, Ragnhild Aarvik, Kristin Skintveit, Johann Hartmann Sand, Felieke van der Leest og Anna Aakre Kråkevik. Hardanger-Berlin – Kunstnarhusvære i Berlin der kunstnarar som bur i eller som kjem frå Hardanger kan søka om studieopphald. Hardanger Kunstlag har sidan 2016 vore ansvarleg for leigekontrakta og administrering av ordninga. Utgiftene vart i 2018 betalt av eit spleiselag som besto av: Alle kommunane i Hardanger, HardingarT Guesthouse, Harding Puls og Messen. I tillegg har Lærdal Næringsutvikling vore med. Dei har betalt for og disponert husværet i tre månader for kunstnarar frå Sogn. Kunstnarane frå Hardanger som hadde opphald i 2018 var: Reidun Horvei, Inger Kristine Riber, Silje Solvi, Eli Raa Nilsen, Benedicte Maurseth, Ranveig Helen Lægreid, Aud Bækkelund, Randi Storaas, Jørn Kurt Bergo og Brit Aksnes. Møte med Hardangerrådet Kunstnarar som har vore i Berlin var med på møte i Hardangerrådet i Jondal 14. juni. Johild Mæland informerte om ordninga. Inger-Elisabeth Aarvik, Els Gelen, Arnhild Litlere viste bilete og fortalde om eigen kunstopplevingar i Berlin og om kva utbytte dei har hatt av studiopphald i Berlin. Kunstlaget sende i etterkant søknad til dei enkelte kommunane om å auke støtta til ordninga og om at tildelinga kunne gjelda for fem år for å gjera ordninga meir føreseieleg. Eidfjord og Kvam har vedtatt å støtta ordninga i fem år. Dei andre kommunane har lova å gi støtte i 2019, men har grunna kommunesamanslåing ikkje kunne gi lovnad for dei neste åra. Lofthus 26. mars 2019 Åsmund Aarvik leiar
Styret i Hardanger Kunstlag 2018 Leiar og skrivar Åsmund Aarvik Nestleiar Johild Mæland Kasserar og ansvarleg for nettsida Siri Kvalfoss Styremedlem Svein Nå og Kjell Erik Rud Varamedlemer Arnhild Bleie og Kari Nå Revisor Knut Steinar Bu
Årsmøtet 2018 vart halde på HardingART på Utne 14. mars 2018. På møtet vart Ullensvang kunstlag og Hardanger Kunstlag slått saman til eitt lag med namnet, Hardanger Kunstlag. Hardanger Kunstlag fekk og i gåve kunstverk frå Sparebanken Vest sitt bankbygg på Utne. Hardanger Kunstlag hadde 4 styremøte i 2018 og det har vorte handsama 28 saker. Det var 41 medlemer i laget.
Fyrste arrangement 2018 var «Ich bin auch ein Berliner», Kunst og kulturdryss, 13. januar på HardingarT, Utne. Me stilte spørsmåla: – Kva har dei med seg heim att av arbeid, erfaring og inspirasjon? – Kva nytteverdi har Hardanger av å ha oppdaterte kunstnarar? Det var godt frammøte av kunstnarar som hadde vore i Berlin, og av kommunepolitikarar. Me fekk ein brei og spennande presentasjon av kva opphalda i Berlin har bidrege med i arbeida til mange kunstnarar. Det vart og ein god samtale med politikarane om verdien av dette tilbodet.
14. april arrangerte Hardanger Kunstlag kunstnarsamtale med Leander Djønne på Hardanger folkemuseum, Utne. Leander Djønne viste filmen, Øyde til øyde, poetisk dokumentar med røter i Hardanger. Etterpå hadde han ein samtale med Åsmund Aarvik om arbeida sine.
30. august til 1. september vart ODDArT arrangert for andre gong. Denne kunsthelga har eit eige styre, og Hardanger kunstlag er eit av laga som står bak arrangementet. Johild Mæland og Svein Nå representerte Hardanger kunstlag i styret for ODDArT 2018. Arrangementet vart godt gjennomført, med flotte utstillingar, gode seminar og workshops, varierte konsertar, fleire kunstnarsamtalar og kunstguiding.
21. november presenterte Oddmund Hus boka si, Lofthusmålarane, på Hotel Ullensvang, Lofthus. Hardanger kunstlag var medarrangør og bidrog med marknadsføring og tilrettelegging av arrangementet. 8. desember opna Hardanger Kunstlag si juleutstilling på Nærbutikken, Grimo. Edyta Kinga Bryk spelte fiolin og Svein Nå stod for opninga. Seks lokale kunstnarar deltok på Utstillinga. Desse kunstnarane deltok på utstillinga: Greta Nordlund, Ragnhild Aarvik, Kristin Skintveit, Johann Hartmann Sand, Felieke van der Leest og Anna Aakre Kråkevik.
Hardanger-Berlin – Kunstnarhusvære i Berlin der kunstnarar som bur i eller som kjem frå Hardanger kan søka om studieopphald. Hardanger Kunstlag har sidan 2016 vore ansvarleg for leigekontrakta og administrering av ordninga. Utgiftene vart i 2018 betalt av eit spleiselag som besto av: Alle kommunane i Hardanger, HardingarT Guesthouse, Harding Puls og Messen. I tillegg har Lærdal Næringsutvikling vore med. Dei har betalt for og disponert husværet i tre månader for kunstnarar frå Sogn.
Kunstnarane frå Hardanger som hadde opphald i 2018 var: Reidun Horvei, Inger Kristine Riber, Silje Solvi, Eli Raa Nilsen, Benedicte Maurseth, Ranveig Helen Lægreid, Aud Bækkelund, Randi Storaas, Jørn Kurt Bergo og Brit Aksnes. Møte med Hardangerrådet Kunstnarar som har vore i Berlin var med på møte i Hardangerrådet i Jondal 14. juni. Johild Mæland informerte om ordninga. Inger-Elisabeth Aarvik, Els Gelen, Arnhild Litlere viste bilete og fortalde om eigen kunstopplevingar i Berlin og om kva utbytte dei har hatt av studiopphald i Berlin. Kunstlaget sende i etterkant søknad til dei enkelte kommunane om å auke støtta til ordninga og om at tildelinga kunne gjelda for fem år for å gjera ordninga meir føreseieleg. Eidfjord og Kvam har vedtatt å støtta ordninga i fem år. Dei andre kommunane har lova å gi støtte i 2019, men har grunna kommunesamanslåing ikkje kunne gi lovnad for dei neste åra.
Lofthus 26. mars 2019 Åsmund Aarvik
