Kunstsosiolog dr. philos.

Luster kunstlag

| Til Mine tema og tekster |

Luster kunstlag og Munthehuset

Fra hjemmesiden

Luster Kunstlag vart skipa i 1985. Målet var å prøve få til eit lag som skulle drive med kunstformidling i 4-5 års tid. Trua på at dette var noko som var liv laga her i kommunen var som me forstår ikkje særleg stor. I 2010 feira me 25 års jubileum.
Me har ikkje noko fast galleri men har ofte lånt eit møterom på eit kjøpesenter. Arealet er på om lag 35 m2. Me må skrive oss opp på ei liste utafor døra når me ynskjer å ha utstillingar, for det er mange andre som også vil bruke rommet. Ikkje noko luksusliv her, men det er utruleg kor mange flotte utstillingar som har vorte haldne i dette lokalet!

Hittil har me halde 110 utstillingar, dei fleste har vore i dette vesle rommet. Nokre få var andre stader i kommunen.
Hausten 2010 fekk vi låna Gaupne Hotell til vandreutstillinga “Tilknyting” som kom ifrå Sogn og Fjordane Fylkeskunstlag. Tanken var at bileta skulle henge der folk ferdast. Dette fekk me svært gode tilbakemeldingar på, og opplevde god respons også frå mange som ikkje i utgangspunktet hadde tenkt å vitje utstillinga.
Om lag 14 000 personar har besøkt kunstlagets utstillingar i løpet av desse 25 åra og me har i gjennomsnitt om lag 38 betalande medlemmar.

Utanom å halde utstillingar har eit av dei viktigaste tiltaka for kunstlaget vore å få restaurert Munthehuset. Å stå i fronten for å ta vare på dette første kunstnarsenteret i landet var ei utfordring. Men no står det der fullt brukbart, til ulike føremål.

Andre ting som har vore viktig er kurs for barn og vaksne. Kvart år har det vore halde måle- eller teiknekurs. Som oftast helgekurs, men det har og vore kurs som har gått over fleire veker. Desse kursa er svært populære, både fagleg og sosialt.

Ofte på opningar har me hatt eit kulturinnslag, som kan vere musikkinnslag av elevar frå Musikkskulen, diktlesing, korsang, solosang og anna. Og då er det servering av Mozell, gløgg eller liknande, alt etter kva tid på året utstillinga er.

Medlemmar får 10 % avslag på kunstkjøp.
Alle medlemmane får invitasjon til utstillingane. Skular, barnehagar, avisa, kommunen og banken får også invitasjon.

Kunstlaget får gåvemidlar frå banken og prosjektmidlar frå kommunen. Utan desse midlane ville det vere vanskeleg å halde laget i økonomisk drift.

Utan alle dei frivillige ville det heller ikkje vere mogleg å drive eit kunstlag over så lang tid.

Mai 2011

Målfrid Kjørlaug og Marit Norheim

MUNTHEHUSET, EIT ATTENDEBLIKK I ARBEIDET FOR Å VERNA HUSEt

Av Maalfrid Sandvik Kjørlaug, leiar (1987-2005) Luster Kunstlag 2.4.2020

5. juni 1986 stod ein artikkel i Sogn og Fjordane Magasin: «Et kulturminne forfaller», av Wibeke Knagenhjelm.  Det vart startskotet som fekk eldsjeler i Luster Kunstlag til å starte oppgåva med å få restaurert Munthehuset, eller som på den tida vart kalla «Husmorskulen i Kroken».

Artikkelen vart sak på styremøte i Kunstlaget hausten 1986.  Og det var semje om at huset har stor kulturhistorisk verdi og må takast vare på for ettertida. Kunstlaget hadde på ingen måte økonomi i så måte, men interessa for bildande kunst og kunsthandverk var stor.  Og i styret sat ressurssterke personar som var villige til å ta tak i, og stå på, for å prøve å verne huset. 

Lite visste vi då kor kronglete dette kom til å bli.  For det var meir enn ein gong eg fekk høyre av folk på bygda at det enklaste er å bruke ei fyrstikke på huset: – Det er så nedslite. 

Ja, det var nedslite.  Og det ville koste pengar, mykje pengar, for å få det tilbakeført til kaptein Munthe si storheitstid.

Kunstlaget skisserte ulike former for bruks-/arbeidsplanar og innhenta opplysningar frå tilsvarande restaureringsarbeid rundt om i landet.

Det viktigaste av alt var å ha god dialog med eigarane av huset.  Det følte eg gjekk svært bra, men forstår godt at dei kunne bli litt skeptisk til vår iver, for det var fleire før oss som hadde prøvd å få til restaurering utan å lukkast.

På styremøte 7. april 1987 vart det vedteke at namnet «Munthehuset» skulle brukast heretter.  Kultursjefen i Luster kommune var tilstades på dette møtet.

Det var stor lekkasje på taket, så første prioritet måtte bli å få tetta taket.  Så i mars 1987 var det synfaring  saman med fylkeskultursjef Osland, arkitekt Elin Thorsnes og kultursjefen.  Alle var positive til å ta vare på huset.

I oktober 1987 var det møte med Fortidsforeningen, kommunen og kunstlaget.  Drøfta strakstiltak, bruks- og finansieringsplan.

Elin Thorsnes utarbeidde ein kostnadsrapport, eit strakstiltak på 44 400 kroner og ein større reparasjon på kr. 147 720. 

No skjøna også eg at frå no av var det ikkje nok å vilje ta vare på – her trengst kommunal tankegang også. Det vart berre å tømme hovudet for rosa skyer og fylle på med planarbeid, paragrafar, saksgang, tolmod, bearbeiding av motstandarar, og ta på verneskjold for ikkje å misse ideen om å attreise Munthehuset.  Sjølv om det var mange som støtta prosjektet så var det også ein del motstandarar som meinte at Luster hadde anna å bruke pengar på.  Og det er sant – det er alltid noko anna ein kan bruke pengar på; men no var det å redda eit historisk hus som stod i fare for å bli borte viktigare enn nokon gong tidlegare.

Kontorsjefen i kommunen tykte det var ille om huset datt ned.  Dei trong ein skikkeleg investeringsplan før dei kunne gå inn i eit prosjekt.  Dei hdde brent seg på fleire liknande prosjekt tidlegare.  Han sa at det er politikarane som har siste ordet i saka.  Dessutan er langtidsbudsjettet ferdig fram til 1991.  Løyvingar kan komme om eit år kanskje, sa han.  Eg pressa litt med å meine at ein kan prioritera saker.  Dette haster så ikkje vatnet gjer meir skade.  Og at huset er det første kunstnarsenteret i landet.  At eit stort takmåleri ligg tildekka av måling som må fjernast.  At Johannes Flintoe var her i 1819, at Tidemand og Gude møttest her for første gong, at kong Oscar budde her, imponerte nok; men ikkje nok til at kontorsjefen lova noko som helst, sjølvsagt.  Stakkars kontorsjef, eg var på som ein gepard. 

5. november kom brev frå kommunen om at søknaden om 44 4000 kroner ikkje var stetta.

Kulturstyret løyvde ikkje pengar til strakstiltaket dette året, men fleire i kulturstyret tala varmt for å verne Munthehuset.

Telefonsamtale med fylkeskultursjefen gav meg klar tale på at kommunen måtte først vise at dei var interessert i prosjektet og løyve pengar før fylket kunne vere med. 

Eg kontakta riksantikvaren og  NKLF (Norske Kunstforeningers Landsforbund), Kulturdepartementet, Fylkeskonservator og mange andre – både privatpersonar og offentlege etatar om dei kunne bidra.  Det vart ikkje så mykje meir enn «lukke til» å hente der.  Mange kommunepolitikarar vart kontakt for å bli informert om kvifor kunstlaget meiner huset bør bli teke vare på.

Det vart sendt søknad til Riksantikvaren om samarbeid på antikvarisk grunnlag. Etter mykje pådriving  løyvde kommunen i 1988  kr. 14 000  som skulle brukast til strakstiltak.

Eigentleg meinte eg det var småleg av ein kommune å ikkje ha 44 000 kroner som kunne forskoterast.  Men på den andre sida forstår eg også at når dei først byrja investere kan det fort bli større utgifter seinare.  Så var det dette med historien då. Dette huset er eitt av få minnesmerker som er att i vår kommune. Og det var tankevekkande å oppleve kva som oppfattast som viktig når pengar skal fordelast.   

Prosjektet fekk mykje mediaomtale.  Mange artiklar vart skrive, både i lokal- og hovudstadaviser.   Også TV gav prosjektet omtale.  Mange ringte og ville vere med og bidra med kunnskap om byggeskikk og anna.  Eit orgel som hadde stått i huset i den tida det var husmorskule vart kjøpt inn og gjeve som gåve av kunstlaget.

Det vart arbeidt med å få til «Munthehusets venner» som ei pådrivargruppe med fokus på å få interesse for prosjektet og kanskje samle inn pengar.   

Januar 1988 vart «Prosjektgruppa for Munthehuset » skipa.  Dei som var med var Nils Kroken (huseigar), Arne Johannesen (kulturstyret), Erling Bjørnetun (kultursjef), Kari Kvamme (Fortidsminneforeningen), Wibeke Knagenhjelm, Anne Marie Flateby (kunstlaget) og Maalfrid Sandvik Kjørlaug (kunstlaget). Ei lita brosjyre, «Munthehusets venner»,  vart laga og lagt ut rundt omkring i landet. Prosjektgruppa  kom også med framlegg til avtale mellom ei framtidig stifting og grunneigar.                      

I mars 1988 vart bruksplan drøfta.  Kva skal huset brukast til i framtida?  Det fins rikeleg med mogelegheiter: utstillingar, kurs/seminar, konsertar, stipendatelier, sommarhotell, selskapslokale og mykje meir.

Hausten 1988 vart det sendt søknad til kommunen om prosjektmidlar på 12 .000 kroner til litteraturregistrering som Øystein Loge jobba med.  Søknaden vart stetta.

Etter dette stod prosjektet litt stille.  Mange ting måtte på plass og modnast.

Så, sommaren 1994 las eg ein artikkel om filosofen Arild Haaland som hadde renovert eit tilsvarande hus.  Eg fekk ein ljos ide: – Han må eg kontakte!  Eg sette meg ned og laga eit påteikna brev med krusedullar, og der eg skreiv at no har restaureringa av Munthehuset slege krøll på seg og treng nokon til å løyse opp.  «Kunne du, Arild Haaland, vere med å løyse floken? » 

20. februar 1996 kom det filosofisk svar frå Haaland: «Arbeidet er starta». Og i 1997 var det opning av eit restaurert Munthehus.  Huset var redda for ettertida.

Einar Ådland skreiv artikkelen «Gamalt kultursenter attreist» i UIB (Universitetet i Bergen) Magasinet der han omtala  huset som eit «spøkelseshus»  etter eit møte i 1986.  Huset bar preg av forfall.  Det var kjekt å lese at han var kjend med at vi kunstlaget hadde sett i gang med å ta vare på huset. 

Ei stor takk til eigarane  Svanhild og Nils Kroken for det gode samarbeidet vi hadde med dei.   Eit hus som kravde så stor innsats kunne fort gå ei usikker framtid i møte.  No er ei stifting ansvarleg for vidare ivaretaking og drift.  Og eg er glad for å ha fått blitt med som pådrivar.

Eg er tilbake med litt info om Luster kunstlag!

Luster kunstlag vart skipa i 1985 av Jorunn Ihler Bruun. Maalfrid Karin Sandvik Kjørlaug blei med i styret som nestleiar. Dei hadde føre seg å lage vedtekter for Luster kunstlag. Maalfrid var nestleiar.

I 1987 blei Maalfrid leiar og hadde leiinga fram til 2010. Da sa ho takk for seg, og leiinga gjekk til Marit Norheim. Då kom eg med i kunstlaget i Luster – spurt av Maalfrid om å vere med i styret. Marit Norheim gav seg allereie etter kort tid på grunn av flytting – og så blei det min tur.

Eg har tykt det har vore veldig kjekt å drive eit lite kunstlag i Luster, men ikkje lett heller! Då er vi i ei svært stor og grisgrendt kommune med kanskje eit litt «vanskeleg» publikum når det gjeld kunst! I`m sorry to say that, but that`s

what I feel!! Not easy, but I tried!! For some years!

Det har gått unnabakke med medlemstal Og vi blei for få vaksne damer med for lite trøkk til å få dette kunstlaget vidare. Lei meg for det!

Har litt meir info om det du spør etter. Håpar å få det med!

Med helsing Marit Vøien Nes/Luster kunstlag.

| Til toppen |