Vedtekter for Osterøy kunstlag
§ 1: Føremål: Osterøy Kunstlag har til føremål, – ved utstillingar, foredrag eller på anna vis – å arbeide for å vekkje interesse for og spreie kjennskap til kunst og kunsthandtverk. Kunstlaget ynskjer og på ymse vis å stimulere den skapande verksemda på desse områda i nærmiljøet.
§ 2: Medlemskap: Einkvar kan bli medlem såframt han betaler den årlege kontingenten, Medlemskap kan skrivast ut til einskildpersonar, familiar eller lag/organisasjonar eller bedrifter. Medlemene kan bli spurde om å vere med på ulike slag dugnadsarbeid for laget. Ein er medlem av laget til ein melder seg ut skriftleg. Utmelding må skje innan utgangen av året. Ungdom under 18 år og student får 25% rabatt av ordiner medlemsavgift.
§ 3 Styret: Årsmøtet vel eit styre på 5 medlem med 4 varamedlem. Dette styret leier laget. Det samla styret står ansvarleg for heile verksemda andsynes årsmøtet. Leiar og varamedlem vert valde for 1 år om gangen. Dei 4 styremedlem vert valde for 2 år, slik at ein vel 2 medlem annakvart år. Styret konstituerer seg sjølv og fordeler desse verva: Nestleiar – Skrivar – Kasserar – Utstillingsleiar/Kurator – Informasjonsleiar
LEIAREN • representerer laget, særleg andsynes offentlege styresmakter og andre institusjonar. • har det overordna ansvar for at dei ulike oppgåvene i styret fungerer tilfredsstillande. • fordeler oppgåver og arbeid på dei andre styremedlemene i den mon vedtektene ikkje utrykkjeleg fastset fordelinga. • kallar inn til og leier drøftingane på årsmøtet og styremøta. er laget sin faste kontaktperson med utstillande kunstnarar, og andre kunstorganisasjonar og institusjonar. • Ordnar forsikring til kvar utstilling. • er ansvarlege for innhenting av informasjon om kunstnarane. • set opp framlegg til utstillingsliste, og sender kontrakt til utstillar.
NESTLEIAREN • tek over leiarpliktene nå leiaren har forfall. • avlastar leiar ved behov • syt for lokale til utstillingar og andre tilskipingar. • Skriv utforming/utkast til søknadar. • Søkjer fraktstøtte
SKRIVAREN • fører protokoll for årsmøte og styremøta • sender referat innan ei veke til styremedlemene og varamedlem • skriv framlegg til styret si årsmelding
KASSERAREN • betaler og sender rekningar og fører bilaga. • syt for det økonomiske oppgjerert i samband med utstillingar i samarbeid med leiar. • à jourførar medlemslista og syt for at det blir kravd inn kontingent. • syt for at rekneskapen blir avslutta pr 31. desember og revidert før årsmøtet av vald revisor.
UTSTILLINGSLEIAR / KURATOR • har ansvar for utstillingsrommet og vedlikehald og fornying av utstillingsmateriellet • er ansvarlege for å ta i mot kunst til utstillingane, pakke ut og montere utstillingane. • er ansvarlege for demontering, pakking og sending av utstillingane. • syt for vaktordning ved utstillingane.
INFORMASJONSLEIAREN • skal laga og sendt ut innbyding til alle medlemane før utstilling • skal syte for annonsering og omtale i aviser og andre aktuelle media. • skal syte for laging og distribusjon av plakatar. • syte for at prisliste, cv med meir vert laga. • ansvarleg for laget sitt utklippsarkiv
§ 4: Årsmøtet: Årsmøtet er øvste avgjerdsorganet i laget. Ordinært årsmøte blir halde ein gong for året og innan utgangen av februar. Møtet blir kunngjort i lokalpressa minst 10 dagar før. Årsmøtet tek for seg: a) Årsmelding b) Revidert rekneskap c) Styret er valnemnd og kjem med innstilling. d) Val av styret. e) Val av ein revisor for 2 år. f) Fastsettjing av årskontingenten for inneverande år g) Mogleg framlegg til vedtektsendringar. Desse må vere kunngjorde seinast saman med innkallinga til årsmøtet. Skal slik endring gjelde, må minst 2/3 av årsmøtet røyste for endringa. Ekstraordinært årsmøte skal innkallast med same varsel som ordinært årsmøte, når styret gjer samrøystes vedtak om det, eller 1/5 av medlemene i laget krev det skriftleg.
§ 5 Innkjøp og utloddingar: Styret avgjer innkjøp av kunst som vert utlodda til betalande medlemar. Alle med verv (styremedlem, varamedlem, valnemnd, revisor) kan kjøpa kunst til seg sjølv på Osterøy Kunstlag sine utstillingar, og betala 5% provisjon til kunstlaget.
§ 6 Oppløysing: Dersom vedtak om oppløysing skal vere gyldig, må framlegg om oppløysing vere kunngjort minst 3 veker før eit årsmøte. Minst 2/3 av dei frammøtte røystene må vere for oppløysing. I alle høve må talet på røyster for oppløysing vere minst like stort som halve medlemstalet. I fall oppløysing, skal moglege midlar og laget sitt arkiv og eignelutar elles overlatast til. Osterøy bibliotek.
Vedteke på stiftingsmøte 15.februar 2010
Årsberetning 2018
2018 har vore eit svært aktivt år for Osterøy Kunstlag. Styremøte: laget har hatt 6 styremøte og fleire arbeidsmøte. Styret for 2018: Else Karin B Tysse: styremedlem Åse Nilssen: styremedlem og kasserar Astrid Tveiten: styremedlem og skrivar på val Cathrine Bysheim: styremedlem går ut Lovise Hole, styremedlem går ut. Vara til styret: Johanne Monrad Irene F Eknes Veslemøy Gullachsen Gjertrud Bysheim
Laget leiger lokale i Gallerihuset, av Ann Christin Kjøs Kunstverkstaden: av Else Karin T Bysheim og Lars Magne Bysheim Smia: av Magnus og Benedicte Mjøs Kafé Mjøsvågen: av Magnus og Benedicte Mjøs.
Medlemmer: laget hadde i 2018 20 betalande medlemmer. Medlemsavgift: kr. 200
. Aktivitetar gjennom 2018: Osterøy Kunstlag har hatt fylgjande utstillingar og aktivitetar gjennom 2018.
Sommarutstillingar i Galleri Mjøsvågen. Offisiell opning av sesongen 23. juni ved Lars Mjøs. A. Utstillingsperiode 1, frå 22. juni til 15. juli: Heidi Drejer: Maleri og figur, Lea Sangolt: Objekt
B. Utstillingsperiode 2, frå 21. juli til 12. august: Linda Skare – Teikning Skjalg Ekeland – Foto Osterøy Kunstlag Hosanger 5282 Lonevåg www.gallerimjosvagen.no
Sommarutstilling i SMIA. Elke Karnik: Installasjon Sommarutstilling i Kunstverkstaden. 6 kvinner-6 uttrykk. Johanne Monrad, Bente Holmedal, Solvor Fjellby, Cathrine Bysheim, Sidsel Møller Trulsen, Else Karin Tysse Bysheim.
8. juli: Foredrag ved Elke Karnik.
I Treskoverkstaden. 21. og 22. juli: Samarbeid med Norlender, «livet på ein tekstilfabrikk» Ope hus på Norlender. 2
5. august: alle aktivistane i Mjøsvågen var opne i høve opning av Mjøsvågen Landhandleri.
Regulære opningstider gjennom sommaren: I opningshelgene, 2 helger: opning på laurdag og vanleg «Sundag i Mjøsvågen» på sundag. Elles var det ope berre på sundagar mellom kl 14 og 18.
Besøkjande. Galleriet, Kunstverkstaden og SMIA var svært godt besøkt gjennom sommaren. Utstillingane fall i smak og laget hadde ein fin omsetning.
9. september: Nåda- Utstillingsopning NåDa. Prosjektet vart styrt av Osterøy kunstlag ved prosjektleiar Åse Nilssen, samt Else Karin t Bysheim, Cathrine Bysheim og Lovise Hole. Opning ved Magne Espelid. Osterøy kunstlag har delteke i eit nasjonalt prosjekt i regi av Norske kunstforeninger – NåDa. Utstillingsopning i Mjøsvågen var sundag 9. september 2018. På heimesida si har kunstlaget skrive: NåDa er eit nasjonalt prosjekt i regi av Osterøy Kunstlag Hosanger 5282 Lonevåg www.gallerimjosvagen.no Norske kunstforeninger der 10 kunstforeiningar/ -lag i Norge er plukka ut til å delta. Osterøy kunstlag er åleine i Hordaland som deltek. Norske kunstforeninger får stønad frå Sparebankstiftelsen DNB til prosjektet. I NåDa-prosjektet skal samtidskunst og lokale kulturminne frå fjern eller nær fortid saman danna ei form for refleksjon rundt historie, stad, identitet, tilhøyrsle, samfunn og kultur. Det skal vera eit prosjekt der ungdom, biletkunstnarar og kunstforeiningar, gjennom å arbeida med samtidskunst, skal reaktivera lokale kulturminne. Og kulturminnet me har valt er «Amerikakofferten» som var eit hovudprodukt for kisteverkstadene i Mjøsvågen frå omlag 1850 og framover. Amerikakofferten står for utvandringa til Amerika, og dette tema vert knytt opp mot dagens innvandring- og flyktningepolitikk. Kunstnaren til hovudprosjektet er Shwan Dler Qaradaki, som kom til Norge som flyktning i 1999. I 2017 er han ein etablert og anerkjent kunstnar i Norge, og har stilt ut ved fleire av våre viktigaste institusjonar og mottatt store stipend og fleire prisar. Han har også turnert i store delar av Norge og brukt mykje tid på å formidla historia om ein oppvekst i krig og korleis han brukte to og eit halvt år på flukta frå irakisk Kurdistan til Norge. Kunstnaren var ved Mjøsvågen i vel ei veke og arbeidde saman med 6 unge jenter om å dekorere veggane i eitt av romma i Kunstverkstaden. Prosjektet starta med seminar om utvandringa til Amerika og om kunstnaren sin innvandringshistorie og vart avslutta med utstillingsopning der heile 100 personar møtte. Det var eit sterkt kunstverk som vart «avduka».
Galleributikk. I Galleriet hadde Kunstlaget også i år ein fin Galleributikk med kunsthandverk frå lokale og andre kunstnarar, samt enkle kunstblad av kunstnarar som har vore utstillarar i Galleriet tidlegare, samt i 2018. Osterøy Kunstlag hadde ein fin omsetnad i Galleributikken, og desse har hatt sine produkt der: Sarah Reed – Keramikk Cathrine Bysheim – Smykker Norlender – Strikkeplagg Iren Kleiven – Sengklede, trykk og kort Peter Marron – Keramikk Osterøy Kunstlag Hosanger 5282 Lonevåg www.gallerimjosvagen.no Maria Udd – Skjørt, pulsvarmarar og vottar i ull Augon Johnsen – Trykk Siv Rutgersen – Trykk Olafia Erlendsdottir – Porselensfigurar Lucie Ellingsen – Keramikk Formbar – Glasskunst Kafe Mjøsvågen.
Også i 2018 hadde Osterøy Kunstlag hovudansvaret for organisering og gjennomføring av matservering i Kafé Mjøsvågen. 8 sundagar og 2 laurdagar vert det servert varm mat i kafeen. I tillegg vart det halde ope ved opning av Mjøsvågen Landhandleri på 25. august. Kafeen har vore ein stor suksess, med stor pågang og til dels for liten kapasitet. Kundar har møtt opp lenge før opningstida kl. 14 for å sikra seg bord og mat. Aktiviteten i Kafeen er driven i samarbeid med Vener av Mjøsvågen. Kafe Mjøsvågen gjev eit positivt bidrag til laget sin økonomi.
Kreative aktivitetar for born. 2 sundagar vart det arrangert maleaktiviteter for born i Kunstverkstaden. V Else Karin Bysheim og Cathrine Bysheim.
Dugnad. Osterøy Kunstlag er heilt avhengig av stor dugnadsinnsats for å gjennomføra oppgåvene i Mjøsvågen. Dugnad før opning: Vask og reingjering av galleri og Kafé. Malararbeid på gallerivegger. Gallerivakter gjennom sommaren. Kokelag og serveringshjelp i Kafeen. Over 40 friviljuge har vore i sving og støtta Osterøy Kunstlag gjennom sommaren 2018.
Økonomisk støtte. Laget har i 2018 motteke støtte frå Norske Kunstforeninger, Folkeakademiet, Norlender og Vener av Mjøsvågen.
Osterøy Kunstlag Hosanger 5282 Lonevåg www.gallerimjosvagen.no Brosjyre.
Også i år har Osterøy Kunstlag utarbeidd og distribuert ein fin brosjyre. Innhald ved Åse Nilssen og grafisk design ved Siren Bysheim. Honorar. Laget har i 2018 betalt ut honorar som syner i årsrekneskapen.
Fra lagets hjemmeside 7.12.2020
Osterøy kunstlag er ein medlemsorganisasjon der alle som ynskjer, kan verta medlem, kr 200,- pr. år. Osterøy kunstlag er også medlem av Norske kunstforeninger.
Osterøy kunstlag har til føremål, – ved utstillingar, foredrag eller på anna vis – å arbeide for å vekkje interesse for og spreie kjennskap til kunst og kunsthandtverk. Kunstlaget ynskjer og på ymse vis å stimulere den skapande verksemda på desse områda i nærmiljøet.
Samarbeidspartnarar:
Osterøy Bibliotek – http://osteroy.bibliotekivest.no
Osterøy Folkeuniversitet
Norlender Knitwear AS – www.norlender.no
Fleire hendingar vil kunna dukka opp etter kvart, fylgj derfor med på vår heimeside www.gallerimjosvagen.no.
Kontaktperson Astrid Tveiten, epost: post@gallerimjosvagen.no, mobil 41103368
Det har vore ein annleis vår for oss alle med Covid19 pandemien som førte til «lock down» av heile samfunnet i mars. Det var lenge usikkert om me kunne ha sumar i Mjøsvågen som vanleg, og planane som var lagd måtte settast på hold. Men med gode smitteverntiltak gledar det oss å kunne opne dørene for publikum også denne sumaren, sjølv om det blir noko annleis program som følgje av Covid19. Det skal vera trygt og triveleg å kome til oss i Mjøsvågen. Som vanleg vil det vere ope Kafe, Treskoverskstad og Smia i tillegg til Galleriet og Kunstverkstaden. Velkomen kvar sundag kl.14-18 frå 5.juli – 16.august. Trykk her for å få full oversikt over utstillingar.
Program for 2020 – endret
| Tidspunkt | Utstilling/utstillar | Lokale | STATUS COVID19 |
| 30.mai – 18.juli | Elly Prestegård | Galleri Mjøsvågen | UTSATT |
| Marianne Heske | Galleri Mjøsvågen | UTSATT | |
| 20.juni – 24.juli | Lars Fischedick | Kunstverkstaden | UTSATT |
| 5.juli – 16.august | Wenche Kvalstad Eckhoff | Kunstverkstaden | GÅR SOM PLANLAGT |
| 26.juli – 16.august | Irene Fanebust Eknes | Kunstverkstaden | GÅR SOM PLANLAGT |
| 18.juli – 30.juli | Erling Valtyrson | Galleri Mjøsvågen | UTSATT |
| Hennie Andersen | Galleri Mjøsvågen | UTSATT | |
| 5.juli – 16.august | Johanne Monrad og Bente Dammen | Smia | GÅR SOM PLANLAGT |
| Hausten | Wenche Kvalstad Eckhoff og Else Karin Tysse Bysheim | Kunstverkstaden | PÅGÅR (badstuprosjekt |
5.JULI – 16.AUGUST
WENCHE K. ECKHOFF: INSTALLASJON OG VEGGOBJEKT
«MEMORIES FROM THE PAST»
Stad: Kunstverkstaden (den grøne fabrikken innerst i Mjøsvågen)
«Memories from the past» En skulpturell installasjon som bygges i rommet der materialene vil bestå av objekter med historiske referanser fra tidligere tiders virksomhet i fabrikken kombinert med restmaterialer fra siste års byggeprosess. Interessen for historie og arkitektur ligger som bakteppe for både veggobjektene og installasjonen. Det handler om rom, finne en balanse i abstraksjonen der kjente objekter løsrives fra sin opprinnelige form, transformeres, gis ny identitet. Veggobjektene er også en type minnebilder, men med egne titler.
WKE født i Stange Hedmark. Utdannelse fra Ealing school of art, London. SHKS, Oslo og SKA Oslo. Bosatt i Oslo. Aktiv billedkunstner siden endt utdannelse. Utstillingsvirksomhet: separatutstillinger, kollektivutstillinger, felles og egne prosjekter. Prosjektledelse og kunstner i div. Land art prosjekter.
Wenche K.E. seier om sine arbeider «Mine arbeider befinner seg i grenselandet mellom ulike kunstneriske uttrykk. Collage, grafikk, assemblage, installasjoner og stedsspesifikke verk i landskap. Form og innhold varierer, avhengig av tid, sted og rom. Interesse for arkitektur og historie har vært sentrale tema i flere av mine utstillinger og prosjekter. Utstillingen i Kunstverkstaden vil bestå av en monumental installasjon som bygges i rommet. I utstillingen vil jeg også vise arkitektoniske veggobjekter.»
———————-
26.JULI – 16.AUGUST
IRENE FANEBUST EKNES: «MONTASJE» – LAG PÅ LAG AV VARETID
Stad: Kunstverkstaden (den grøne fabrikken innerst i Mjøsvågen)
Irene er tilstades under heile opningsperioden. Dette er ei prosessuell utstilling som gjer innblikk i ein skapande biletprosess. Irene Fanebust Eknes jobbar med ulike tilnærmingar for å fange minnebilete frå eigen barndom. Ikkje som skildringar eller forteljingar, men som fryste augneblink av erindring.
Arbeidet som blir presentert er ulike skisser i blyant og pastellkritt. I tillegg kan du følge utviklinga av motiv i tempera-teknikk. Eit malemedie som blir til på staden i ei blanding av fargepigment, linolje, eggeplomme og vatn. Prosjektet er del av eit kunstnerisk utviklingsarbeid ved NLA Høgskulen, med tema rundt dialogbasert tilnærming til biletskapande prosesssar.
———————-
5.JULI – 16.AUGUST
JOHANNE MONRAD OG BENTE DAMMEN: «OMREISANDE STRENGARBEID»
Stad: Smia
Arbeid frå Johanne si samling og Bente sin skulptur.
———————-
5.JULI – 16.AUGUST
GALLERIBUTIKK
Stad: Galleri Mjøsvågen
Sal av diverse
———————-
5.JULI – 16.AUGUST
SAL AV BILETE RETT FRÅ VEGG
Stad: Kunstverkstaden (den grøne fabrikken innerst i Mjøsvågen)
Kunstnarar; Kirsti Van Hoegee, Gerd Frantzen, Inger Johanne Brautaset, Karin Hay White, Johanne Monrad, Els Geleen, Elke Karnik, Sveinung Iversen, Anne Britt Lerøy
———————-
HAUSTEN 2020
BADSTUPROSJEKT
Stad: Kunstverkstaden (den grøne fabrikken innerst i Mjøsvågen)
Wenche Kvalstad Eckhoff og Else Karin Tysse Bysheim. Arbeidet vil pågå utover hausten og vinteren. Meir informasjon kjem.
KURS 2020:
14.-17.juli: KUNSTVERKSTAD FOR BORN M/ ELSE KARIN T. BYSHEIM
Stad: KUNSTVERKSTADEN (den grøne fabrikken innerst i Mjøsvågen)
Tema: «Å SJÅ». Me brukar ulike materialer bl.a. blyant, kull, maling for å undersøkja temaet.
tysdag 14.juli kl.11-14: born 6 – 8 år
onsdag 15.juli kl.10-14: born 9 – 12 år
torsdag 16.juli kl.10-14: born 9 – 12 år
fredag 17.juli kl.10-14: frå 13 år og oppover
Pris: kr 200,- pr dag, inkl. materialer
Påmelding: Else Karin: 90986722 / elsektb@gmail.com
_______________________________________
September 2020: MALE/COLLAGE KURS M/GERD FRANTZEN
Stad:KUNSTVERKSTADEN (den grøne fabrikken innerst i Mjøsvågen)
Tema: Maling/collage
Meir informasjon kjem
Påmelding eller meir informasjon: Else Karin: 90986722 / elsektb@gmail.com
__________________________________________
Har du forslag om kurs, evt ynskjer å ha eit kurs hjå oss, ta kontakt med Else Karin Tysse Bysheim, tlf: 909 86 722, eller send ein e-post til oss: elsektb@gmail.com
NÅDA – Samtidskunst, kulturminner, ungdom
Del0
Osterøy kunstlag deltok i 2019 i eit nasjonalt prosjekt i regi av Norske kunstforeninger – NåDa.
NåDa er eit nasjonalt prosjekt i regi av Norske kunstforeninger der 10 kunstforeiningar/ -lag i Norge er plukka ut til å delta. Osterøy kunstlag er åleine i Hordaland som deltek. Norske kunstforeninger får stønad frå Sparebankstiftelsen DNB til prosjektet.
Galleributikken finn du i Galleri Mjøsvågen sine lokaler. Her er det mykje fint kunsthandverk.
Galleributikken er åpen på same tid som Galleriet:
Kvar sundag kl.14-18 i perioden 5.juli – 16.august.
Her kan du handle varer frå bl.a.:
Sarah Reed, Formbar glass, Anita Keramikk, Peter Marron, Marta Nerhus, Inge Rune og Olga Fanebust.I NåDa-prosjektet skal samtidskunst og lokale kulturminne frå fjern eller nær fortid saman danna ei form for refleksjon rundt historie, stad, identitet, tilhøyrsle, samfunn og kultur. Det skal vera eit prosjekt der ungdom, biletkunstnarar og kunstforeiningar, gjennom å arbeida med samtidskunst, skal reaktivera lokale kulturminne.
Mjøsvågen syner kulturminne for gründerskap, attåtnæring og industri heilt tilbake til 1800-talet. Og kulturminnet me har valt er «Amerikakufferten» som står for utvandringa til Amerika, dette temaet vert knytt opp mot dagen innvandring- og flyktningepolitikk. Eit tema som vil gå att i fleire aktivitetar og hendingar i Mjøsvågen – og evt. andre stader på Osterøy dette året – i form av kunst, foredrag og konsertar.
Kunstnaren til hovudprosjektet er Shwan Dler Qaradaki, som kom til Norge som flyktning i 1999. I 2017 er han ein etablert og anerkjent kunstnar i Norge, og har stilt ut ved fleire av våre viktigaste institusjonar og mottatt store stipend og fleire prisar. Han har også turnert i store delar av Norge og brukt mykje tid på å formidle historia om ein oppvekst i krig og korleis han brukte to og eit halvt år på flukta frå irakisk Kurdistan til Norge, i filmserien Salte Kyss.
Osterøy kunstlag: «Laget ynskte å tilføra lokalmiljøet kunst i form av ein installasjon som alle kunne bruka. Kunstnarane Wenche Kvalstad Eckhoff og Else Karin Tysse Bysheim inngjekk i 2019 eit samarbeid og lanserte idéen om ei kunst-badstove på ein flytande flyttbar flåte. Kunstnarane står ansvarleg for idé, design og utforming av arkitektur samt den kunstnariske utsmykkinga på både eksteriør og interiør. Målet var mellom anna å skapa ein installasjon, ein hybrid mellom kunst, arkitektur og ein bruksskulptur. Ein møteplass til bruk heile året. Etter utstillingsopninga i mai 2021 har Den Grøne Fabrikken overtatt drifta av badstova. Her kan du booke den for deg sjølv eller drop-in.» Lastet ned fra hjemmesiden 4.4.2024. Den Grøne Fabrikken er lagets faste utstillingssted.
