Volda kunstlag
Stifting av Volda Kunstlag 1937. Første kunstlaget på landsbygda i Norge
Orientering ved markering av 75 år og 80 år i Volda og Ørsta kunstlag, 03.11.2016
Narve F. Birkeland
Første utstillinga i Volda.
Eg skal orientere om stiftinga av det første kunstlaget på landsbygda i Norge. I 1937. Men først går eg tilbake til 1918 då den første kunstutstillinga i Volda blei halden. Kunstnaren var Theodor Aavang. Han var frå Kristiansund, men hadde tilknyting til Volda fordi mor hans dreiv hotell her i ein periode. Aavang hadde derfor i perioden 1912/1914 budd ein god del i Volda. Aavang hadde det svært trongt økonomisk, og han hadde tru på at utstillinga i 1918 skulle rette på dette. Men han selde ikkje eit einaste bilde. Rasmus Aarflot Riste, som kjende Aavang godt, fortalde etterpå at «då gret han sine modige tårer». Andre sa at han ikkje kunne vente anna. Alle bilda hadde motiv frå Cuba, – han hadde ei tid seilt som sjømann. Dette er jo ei trist historie. Men det er også ein lærdom i den. Aavang hadde ikkje oppdaga Rotsethornet som motiv.
Varemessa 1935
Det gjekk helsigvis betre med det som vart stifta i februar 1937. Eg vel endå ein gong å gå tilbake i tid. Til 1935. Her ligg nemleg den første kimen til det nye kunstlaget. Dette året vart det arrangert ei varemesse i Volda. Det var ganske svære greier. Når dei som tok initiativet, kunne gjennomføre det, var det delvis fordi Aaslid møbelfabrikk hadde reist ny fabrikkbygning dette året. Og denne fekk arrangørane bruke til messa før bygningen blei tatt i bruk som produksjonslokale. Både bygningen og området rundt.
Poenget for oss er at det på varemessa var ei stor husflidsavdeling, som vekte oppsikt og blei godt besøkt Det var også ei avdeling for «Kunst, Skulptur, Målarstykke, Fotografi». Denne hadde mange lokale utstillarar, og den fekk også stort besøk. Så stor var interessa og besøket at idéen oppsto om å føre dette vidare i eit permanent utstillingsforum. Og det blei altså gjort i 1937.
Stiftarane
For eit slikt tiltak må ein ha dei rette menneska. Og dei var der. Formann for hovedkomitéen for varemessa var postmeister Peder Andreas Grebstad (1879 – 1950). Og i 1937 finn vi han også som pådrivar og første formann i det nystifta kunstlaget. Fleire av dei andre i styret i kunstlaget hadde også hatt viktige posisjonar i varemessa. Dei var stort sett eit utval av «bygdens beste menn». Utanom postmeisteren, vart desse med i styret (sitert frå protokollen)
Lærar Wilhelm Kvalheim, styrelem
Fru Bergljot Andersen, «
N.Nilsen, sekretær (seinare Vålnes)
Red. Sivert Aarflot, varamann
Bank.kass. M. Dahl, «
Prost Tjensvoll, «
Aktivitet første året
Dette styret viste seg å vere handlekraftig. Første året arrangerte dei tre utstillingar. Hermod Riise frå Hareid. Akademi-utdanna, og med eit godt ord på seg som utstillar. Nummer to var den amerikanske kunstnaren William H. Johnson, som hadde budd eit par år i Volda. Og den tredje var ein ørsting, Oddvar Straume, som seinare kalla seg Strømme. Laget sette altså ein ganske høg standard heilt frå starten.
Korfor i Volda?
Før vi går vidare, må vi sjå litt på korfor dette kunne skje akkurat i Volda. Framfor alle andre landkommunar i landet. Faktisk før også mange bykommunar. Før for eksempel Molde, som kom etter i 1946.
Eg har tenkt ein del på det. Det kan sikkert ikkje bli gitt noko eksakt svar. Men eg vil trekke fram nokre forhold som må ha betydd noko. Eg har nemnt den alle første utstillinga i 1918. Andre utstillingar hadde kome til seinare. For eksempel Wilhelm Kvalheim, som var teiknelærar på lærarskulen. Han arrangerte fleire private utstillingar opp gjennom åra.
Rasmus Aaarflot Riste slo seg til i heimbygda. Han var utdanna ved Statens kunstakademi 1924 – 25. Og han hadde på det tidspunktet deltatt tre gonger på Statens høstutstilling. Også ein gong på Vestlandsutstillinga. Aarflot Riste hadde arrangert fleire private utststillingar i Volda.
Frå 1924 til 28 budde den landskjende kunstnaren Hugo Lous Mohr i Volda. Han budde på garden Bøen og fekk mange kontaktar i bygda. Ham kjende mange, og mange kjende han. I 1932 var Lous Mohr tilbake i Volda for å lage det monumentale fresco-arbeidet på korveggen i den nye Volda-kyrkja. Dette arbeidet vekte stor interesse i bygda. Også Dagfin Werenskiold budde og arbeidde i Volda eit par år i lag med Mohr. Også han fekk mange kontaktar i bygda.
Ikkje minst må eg nemne den amerikanske malaren William H. Johnson som budde i Volda i to år frå 1935 til 1937. Han var i stor grad ein friluftsmalar i den forstand at han malte på plassen. Og han vart stadig sett med staffeliet rundt omkring i bygda. Mitt inntrykk er alle kjende til Johnson. Og han hadde tett kontakt med fleire av dei som vart med i det nye styret i 1937. Johnson heldt også ei privat utstilling i 1936.
Den kjende rosemålaren og treskjeraren Lars Kinsarvik budde i Volda, til han flytte tilbake til Hardanger i 1917. Sonen hans, Arne Kinsarvik, førde tradisjonen etter faren vidare, men var også ein sjølvstendig kunstnar.
Bygda var altså «vand med» kunstnarar. Og det var utruleg mange andre i bygda som pusla med biletskaping på ulikt nivå. Somme på ganske høgt amatørnivå. Det ser derfor ut som det kunne vere god grorbotn for eit nytt tiltak, slik som kunstlaget.
Aktivitet andre året
Andre året var det heile seks utstillingar i det nystifta kunstlaget. Utstillarar dette året var Ansgar Leiten, Henry Arntsen, Jørgen Skåre, Ole T. Ytterdal, Harald Helø og Nils Vålnes i lag. Siste utstillar det året var Olav Strømme. Strømme og Vålnes hadde god kontakt vidare gjennom livet. Det var nok grunnen til at Olav Strømme fleire gonger framover hadde utstillingar i Volda kunstlag.
Innkjøp
Volda Kunstlag gjorde sine første innkjøp det andre driftsåret. Det første innkjøpet var Arne T. Ytterdal: Ved vaskebrunnen. Innkjøp nummer to eit Strømme-bilde, Frå Saudehornet. Innkjøpa heldt fram, slik at laget etter kvart fekk ei stor kunstsamling.
Utstillingslokale
Når det gjeld utstillinglokale, var det vanlegaste lokalet i kjellaren i gamle Uppheim, som sto nokolunde der musikkpaviljongen i Volda står nå. Nokre utstillingar var i eit rom i Handelsskulen. Og somme på kafé Solstrand, som var i ein villa innover mot Andaneset. Det var altså kummerleg. Men viljen til å vise kunst let seg ikkje dempe av problemet med å finne høvelege lokale.
Malarkurset
Handlekrafta i det nye laget viste seg også i at Kunstlaget alt om hausten det første året engasjerte Leon Aurdal, som då var ein kjend kunstnar, – til å halde malarkurs. Kurset gjekk på ettermiddag/ kveld i ein ganske lang periode utover hausten. Kurset hadde 10 deltakarar, og deltakarane var desse:
Per J. Vassbotn, f. 1889
Olav Myklebust, f. 1912
Oddvar Straume, f. 1913
Helga Kinsarvik, f. 1916
Kari Kinsarvik. f. 1918
Martinus Lied, f. 1918
Raymond Klæbo, f. 1921
Ramus Holte, f. 1921
Knut Ervik, f. 1922
Sivert Heltne, f. 1922
Eg har tatt med fødselstala for å vise at det var deltakarar med store forskjellar både m.o.t. alder og erfaring.
Det er interessant å sjå at alle deltakarane på kurset seinare gjennom livet arbeidde med kunst, med ulike teknikkar, – og på ulikt nivå.
Volda kunstlag
Sunnmørsmposten (S.)
10.5.1937 Vk har nå om lag 60 medlemmer. 20.7.1937 Arrangerer malerkurs. Leon Aurdal er lærer. En utstilling av arbeider fra kurset skal holdes. 29.09 Aurdal stiller ut sammen med elevene fra tegne- og malerkurset.
15.2.38 Laget har 38 medlemmer, 10 ungdommer har deltatt på kurset, på en av utstillingene ble det solgt arbeider for 1200 kroner. Det er utloddet 7 malerier og akvareller mellom medlemmene. Problemer med lokaler.
28.2.39 Årsmøte. Det har vært holdt 7 utstillinger: Ansgar Leite, Henry Arntsen, Jørgen Skåre, harald Helø, Nils Nilsen, Ole T. Ytterdal og Olav Strømme, samt en brukskunstutstilling. Det er solgt 465 billetter, og 300 besøk av medlemmer. Til utlodning var det innkjøpt 10 malerier, akvareller og tresnitt. Til det faste galleri 2 malerier. Medlemstallet 56. Samlede inntekter 927, i kassa 244 kroner.
13.2.40 Årsmøte Medlemstallet 71. 8 separatutstillinger, 7 av dem hadde salg. Laget kjøpt bilder for 700 kroner, et maleri av Olav Straume ble innkjøpt til det faste galleri. De andre innkjøpene ble loddet ut blant medlemmene. Brukbare lokaler. Det faste galleri har 3 malerier, og en samling gamle Volda-bilder.
5.2.41 .Virksomhet bare september-desember. Omar Kvalvåg, Karl Straume, Halvdan Holbø og Wilhelm Kvalheim. I alt utstilt 140 malerier og 120 akvareller. Solgt 26 maleriere og 23 akvareller til ensamlet sum av 4900 kroner. To innkjøp til det faste galleri: Karl Straume og W. Kvalheim. 5 malerier og 7 akvareller innkjøpt for utlodning. 500 medlemsbesøk, 285 betalende, i alt 1450 besøk på 3 måneder. Medlemstall 82.
1942 16 treff 26.1 Årsmøte for 1941. 6 utstillinger. Utstilt 256 beilder solgt 21 malerier og 8 akvarelleer for i alt 2615 kroner. Innkjøpt til fast galleri 2 malerier. 12 innkjøpt til utlodning. 90 besøk av medlemmer, 740 av betalende, 360 skoleelever. 101 medlemmer. I 1942 amatørutstilling med stort publikum og noe salg. Amatørutstillingen fikk treff i 7 aviser.
1943 3 treff (bare S.) 21.12 Utlodning av 28 bilder som er kjøpt på de 7 utstillingene i 1943. Bare to utstillinger nevnes: Asbjørn Skram og Oddmund Tonning.
1944 7 treff (bare S.) 7.2 årsmøtet for 1943. Det er holdt 10 utstillinger, det er solgt 162 bildere for i alt 26 165 kroner, inklusive 28 bilder som ble kjøpt for utlodning blant medlemmene for 3780 kkroner. Besøk 3850, derav 1530 medlemmer, 185 medlemmer, 138 i 1942. utstillere (ikke fullstendig) Jarle Strømme, Jørgen Skaare, Ola og Wilhelm Kvalhei, Rasmus Aarflot, ”Møremalernes utstilling” – trolig fra Ålesund.
1945 6.2. 1 treff om årsmøtet.3. juni. For 1944. Det ble utstilt 259 malerier, 121 akvareller og 12 tresnitt, solgt 68 oljemalerier, 52 akvareller og 6 tresnitt for til sammen 19 575 kroner. Medlemstallet i 1944 262 mot 185 i 1943. ”Det vart gjort vedtak om at slike som er vore medlemer i NS i framtida ikkje har høve til ¨å verta medlemer i Volda Kunstlag.”
1946 2 treff, Vansker med utstillingsplass. Årsmøte 16.4. S. Intet om utstillinger i 1945.
1947 7 treff (2 i Sunnmøre Arbeideravis) SA. 5. mai. Årsmøte i Vk. Ingen utstillinger avholdt i 1946 (trolig heller ikke i 1945). 56 medlemmer.
Herlof Hansen i landssviksak har bedt om å få skiftet ut styret i Volda kunstlag (27.6 S.)
1948 tre treff Det var 4 utstillinger i 1947, lokaler først fra september 1947. Solgt 23 bilder for 6900 kroner. Et bilde kjøpt til det faste galleri og 7 til utlodninga – 9 ble lodet ut. 1300 mennesker har sett utst. Heretter skal årsmøte holdes i desember, samtidig som utlodning.
1949 4 treff. 22.12. S Årsmøte for 1948 5 utstillinger, salg 3000 kroner, 6 bilder utloddet, 145 medlemmer.
